Ungdom

FUNK (Fjellungdom i kyrkja) driv mykje bra arbeid for deg som er ung. Vi ønskjer å vere ei trygg og god plass for alle ungdomar. Mest av alt ønskjer vi at ungdom i Fjell skal få bli kjend med Jesus og vokse i trua på han.

FUNK har arbeid og aktivitetar i alle dei tre kyrkjene. Akkurat i Fjell kyrkje har vi både Tweenskor og Tweensklubb. Vi har og bibelgruppar for ungdom.

Ellers er det massevis kjekke aktivitetar, happeninger og turer som du kan vere med på. Hald deg oppdatert ved å sjekke ut kva som skjer ved å trykke på FUNK si eiga side eller på FUNK si facebookside.