Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Musikarar, band og kor

I Fjell har vi ei rekkje kor og band og det er knytt kor, band og forsongarteneste til dei fleste av kyrkjene våre. I tillegg har me fleire kyrkjemusikarar tilsette.

Fjell kyrkje

  • Vokalensemblet Sotra Reviderte: Blandakor med allsidsig acapella repertoar. Arrangerer eigne konsertar og gjer forsongarteneste ved gudstenester.
  • Barne-/tweenskor: Øving annankvar tirsdag. Barne- og ungdomsgospelrepertoar med piano- og bandakkompagnement. Deltar på konsertar, korhappenings, er med på familie- og T-dagsgudstenester.
  • Tweensband. Øving på fredagar med tweensklubb.
  • Fjell kyrkjebrass: Blåsegruppe med øving annankvar torsdag. Spelar ved konsertar og medverkar på gudstenester.

Foldnes kyrkje

  • Forsongarteneste: Forsongartenesta består gruppe på rundt 20 personar som vekslar på å medverka ved alle gudstenester. I tillegg vert det det engasjert musikarar til å medverkar som band ved ein del av gudstenestene.
  • Lukas Tensing: Tensingkor og -band med til saman 40 medlemmer.

 

Musikarar

Olav Sørheim har lærarutdanning ved musikklinjen ved Bergen Lærerhøyskole (1975) og kantorutdanning ved Bergen Musikk-konservatorium (1979). Frå 1975 har han vore fast tilsett som kantor i Fjell sokn.

Aasmund Brekke er cand. philol. frå Bergen Lærarhøgskule, NTNU i Trondheim og Universitetet i Oslo med hovudfag i musikkvitskap (2000). Han har m.a. arbeidd i 6 år for Det Norske Misjonsselskap i Brasil, der han underviste i musikk i den lutherske kyrkja IECLB. Han har vore fast tilsett som organist i Foldnes kyrkje sidan 2004, og er i tillegg freelancemusikarar med hovudvekt på jazz og rytmisk mysikk. I 2011 gav han ut cden «XYZ» med brasilianskinspirert jazz.

Eline Olsen er utdanna rytmisk musikar/jazzpianist ved Vestjydsk Musikkonservatorium på Jylland (2000) og kantor frå Griegakademiet (2010). Ho har arbeida som musikklærer i grunnskule og kulturskule, frilansmusikar og som privætlærar. Eline har vore tilsett i Fjell sokn sidan 2010; først som organist og sidan som kantor. Ho er òg engasjert i kor- og bandverksemd og trusopplæring.

Endre Dåvøy er utdanna kyrkjemusikar/kantor frå Norges Musikkhøgskole i Oslo (2001) og diakon frå Diakonhjemmet i Oslo (2002). Han har 25% stilling som kyrkjemusikar i Fjell. I tillegg er han frilansmusikar og driv musikkbutikken davoy.no. Han har tidligare vore kyrkjemusikar og kordirigent fleire stader i bergensområdet og i Oslo, og ungdomsdiakon på Askøy.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"