Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ein tur som forandrar

I elleve dagar har tretten ungdomar og tre leiarar frå kyrkjelyden besøkt misjonsprosjekta til kyrkjelyden.

Elleve enormt innholdsrike- og mettede dagar har vi hatt i Smilets land. Vi byrja fyrste dagen med ei elvetur, kor vi køyrde i Bangkoks kanalar og fekk sjå både palass og skur. Vidare gjekk vi på tur til Patpong. Det er ein marknad som ligg i eit strøk kor go-go barene ligg tett. Ein del av Thailand som mange skammar seg over, men som likefullt er reel. Dette gjorde og inntrykk på ungdomane, særskild med tanke på at fleire av dei er engasjert i kampen mot menneskehandel.

Dagen derpå fekk vi besøke Immanuelkyrkja i Khlong Toey-slummen. Der var vi og fekk sjå arbeidet som drivast. Både barnehagar på dagtid og fiolinundervisning og ettermiddagsaktivitetar etter skuletid. Vi fekk gå ein tur gjennom slummen og møte med menneskje der var sterkt. Vi var og så heldige at vi fekk lytte til ein konsert som ble holdt berre for oss! Det var et strykeorkester fra slummen, blant annet ledet av Solveig Meling Johannesen. Les meir på bloggen "Drømmen om en fremtid". Link finn du lengar nede på sida-

Kontrasten var stor da vi dro til Thailands flotteste kjøpesenter like etterpå. Luksusen der vart ein grell motsetnad til skiten vi akkurat hadde vandra i.

Etter tre dagar drog vi til Nordøst-Thailand og Mukdahan. Vi tok nattbuss opp og fekk vere med på dåpsgudsteneste i kyrkja i Mukdahan. Fantastisk! Seinare på kvelden møtte vi fleire av de same folka på Rak Gilaa (KRIK). Å knytte relasjonar med ungdommene der var en eineståande oppleving! Sjå link til bloggen "Disipler med et oppdrag" nede på sida.

Vidare fekk vi dra til Thailand sitt naboland for å sjå nærmare på eit skuleprosjekt der. Endå ei gong gjorde det inntrykk på oss å sjå og kjenna fattigdom på nært hald.

"Denne turen har forandra meg", sa ei av deltakarane underveis. Ein kan ikkje vere med på noko slikt og gå uforandra vidare. Å vere merka av det som ein ser og er med på, håpar vi vil vere retningsgivande for tida framover. For alle ungdomane. Dei ønskjer ikkje å berre fortsette med livet slik det var før turen og før Thailand. Dei ønskjer at dette skal vere noko som alltid er med dei i dei stora valene dei tek for sine eigne liv. Og så håpar vi at det og kan bety noko for andre sine liv i fortsettinga.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"