Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fjell kyrkjeblad

Fjell kyrkjeblad kjem ut 6 gongar i året og har eit opplag på omlag 10 000.

Kyrkjebladet blir distribuert til alle husstandar i Fjell kommune. Det vil sei at vi har ein unik stor lesarring. Nesten 60 prosent av befolkninga seier at dei jamleg mottar eit kyrkjeblad i posten. Av desse seier 80 prosent at dei les det.

Vi legg difor mykje innsats ned i kvart blad, og håpar det engasjerer og skapar tilhøyrsle. Vi håpar at bladet kan gjere det enklare for dei som til vanleg ikkje går mykje i kyrkja å finne noko dei kan tenkje seg å bli med på. Her i kyrkjene våre i Fjell er det liv og røre for både store og små.

Ta gjerne kontakt om du har noko du ønskjer skal kome med i Fjell kyrkjeblad.

Ta også kontakt med oss ved manglande levering.

Kontingent for kyrkjebladet: 1503.84.37590