Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling som kantor/kyrkjelydsmusikar i Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd

Ønsker du å fargeleggje kyrkja sin bodskap om Guds kjærleik og byggje kyrkjelyd gjennom allsidig musikk som formidlar, ber, leikar og trøystar?

«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd vert eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Stillinga som kantor/kyrkjelydsmusikar høyrer til seksjon for kyrkjemusikk, og er primært knytt til Hjelme og Blomvåg sokn.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.


Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer
Kantor/kyrkjelydsmusikar – 100 % stilling 

Ønsker du å fargeleggje kyrkja sin bodskap om Guds kjærleik og byggje kyrkjelyd gjennom allsidig musikk som formidlar, ber, leikar og trøystar?
 
Dersom svaret på dette spørsmålet er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som kantor/kyrkjemusikar. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Hjelme og Blomvåg sokn. Du vil og få høve til å byggje vidare på ein lokal musikktradisjon som omfattar eitt breitt spekter av musikalske sjangrar. Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.

Arbeidsoppgaver
  • Leie og utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Hjelme og Blomvåg sokn i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Gjere teneste ved gudstenester, kyrkjelege handlingar, trusopplæringstiltak, institusjonsandaktar og andre arrangement i soknet
  • Rekruttere og støtte frivillige medarbeidarar til deltaking i kyrkjemusikktenesta
  • Leggje til rette for at ulike musikalske uttrykk får sin plass i kyrkjelyden sitt arbeid
  • Leggje til rette for eit godt samarbeid med lokale bedehus/kyrkjelydar, lag og organsiasjonar og offentlege instansar
  • Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar innan heile fellesrådsområdet etter oppsett tenesteplan
  • Samarbeide innan kyrkjemusikkseksjonen om gjennomføring av kyrkjemusikalske tiltak på tvers av sokna i fellesrådsområdet
Kvalifikasjonar
  • Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant musikkutdanning
  • Dugleik til å kunne utøve innanfor ulike stilartar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlige eigenskaper
  • Du inspirerer til deltaking
  • Du skapar glede og begeistring gjennom allsidig musikkformidling
  • Du er ein utprega lagspelar, og har evne til å spele andre gode
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne og vilje til å utføre praktiske og administrative oppgåver knytt til arbeidet
Vi tilbyr
  • Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd, sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Eit godt samarbeid innan kyrkjemusikkseksjonen og eit arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
  • Høve til personleg og fagleg utvikling

Anna

  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Du må ha førarkort og disponere bil
  • Aktuelle søkarar vert kalt inn til intervju og prøvespel.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og regelverk for kyrkja.
  • Den som blir tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest, jfr Kyrkjelova § 29
 Søknadsfrist:
14.10.2019

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"