Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling: Diakon/seksjonsleiar diakoni i Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd

Ønsker du å vise Guds kjærleik i praktisk handling overfor medmenneske og skaperverket? Er du villig til å stille spørsmålet "Kva vil du at eg skal gjere for deg?" - og handle ut frå det?

Dersom svaret på desse spørsmåla er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som diakon/seksjonsleiar for diakoni. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det diakonale arbeidet i heile fellesrådsområdet. Det er opparbeidd eit godt diakonalt arbeid som ein kan byggje vidare på. Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.

 
Ansvarsområde
  • Leie og utvikle det diakonale arbeidet i kyrkje og lokalsamfunn 
  • Vere kyrkja sitt strategiske auge ut mot lokalsamfunnet sitt behov 
  • Vere pådrivar for at nestekjærleik, inkluderande fellesskap, misjon, vern om skaparverket og kamp for rettferd vert innarbeidd i alle delar av kyrkja sitt arbeid
  • Samarbeide med sokneråd og diakoniutval om diakoniplanar og diakonalt arbeid
  • Samarbeide med kommunen på område der dette er aktuelt
  • Leie seksjon for diakoni 
  • Vere kontakt og støttespelar inn mot Basecamp ungdomsdiakonitiltak
  • Leie eitt av sokneteama i fellesrådsområdet i samarbeid med soknepresten
Kvalifikasjonar
  • Utdanning i høve til tenesteordning for diakonar 
  • Andre med relevant høgare utdanning kan òg søkje, til dømes utdanning på bachelornivå innan helse- og sosialfag eller pedagogikk. Den som vert tilsett må vere villig til å ta master i diakoni som fører fram til godkjent grad som diakon, jfr. tenesteordning for diakonar, innan fire år frå oppstart i stillinga
  • Erfaring frå diakonalt arbeid er ein fordel.
Personlige eigenskapar
  • Du tenkjer strategisk, og ser muligheiter framfor avgrensingar
  • Du inspirerer
  • Du er ein utprega lagspelar, og har evne til å spele andre gode
  • Du har evne til å motivere og drive arbeid gjennom andre
  • Du har evne til å gjennomføre det du set deg føre

 

Vi tilbyr
  • Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd, sokneråd og medarbeidarar
  • Eit godt arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
  • Høve til personleg og fagleg utvikling

Anna:

  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jfr Kyrkjelova § 29
  • Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling, og at biskopen gir tenestebrev

 

  Søknadsfrist:
31.05.2019

 

 

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd vert eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet har arbeidsgjevaransvar for 6 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"