Fusa kyrkje

Sidan gamle Fusa kyrkje brann ned i 1959, har den nye kyrkja vore samlingspunktet for gudstenester i Fusa kyrkjekrins.

Fusa kyrkje

Nye Fusa kyrkje vart ferdig oppført i 1961 og vigsla 2. september året etter. Arkitekten var Ole Halvorsen, med Sjur A. Småbrekke som byggmeister. "Altartavla" er eit freskomålarstykke av Bjørn Tvedt, og viser Jesus som talar til kvinna ved brønnen og byd ho livsens vatn.

I dag er kyrkja i flittig bruk, med gudsteneste vanlegvis to gongar i månaden, og ser elles aktivitet frå Fusa kyrkjekor. Den har plass til rundt 360 menneske, inkludert galleri og småsal.

Kyrkja ligg ytst på Opsalneset, forbi Fusa Auto. Det ligg òg to kyrkjegardar ved kyrkja: Fusa kyrkjegard, som ligg mellom kyrkja og den gamle prestegarden, eit par hundre meters gonge ifrå; og Fusa vest kyrkjegard, som ligg rett utanfor kyrkja.

Gamle Fusa kyrkje brann ned 11. januar 1959, då det tok fyr etter bruk av vedomnane i kyrkja under gudstenesta den dagen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"