Sundvor kyrkje

Før sokna folk i Søre Fusa til Strandvik kyrkje. Med oppføringa av Sundvor kyrkje fekk dei ei mykje kortare sundagsreise.

Allereie i 1906 starta det som då heitte Søndre Strandviks kirkelag å samla inn pengar til Sundvor kyrkje. Bygget stod ferdig i 1926, men vart vigsla fyrst 14. oktober året etter med stor seremoni; med oppføringa vart Sundvor oppretta som eit eige sokn. Arkitekt var Erlend Tryti, og Engel Sundfjord var byggmeister. I dag er det gudsteneste i soknet rundt ein gong i månaden, og kyrkja har sitteplassar til rundt 160 menneske.

Kyrkja ligg plassert nesten for seg sjølv, då mykje av Søre luten er spreidd rundt, og ynskjet var å ikkje bitta kyrkja til ei enkelt bygd. Altartavla de kan sjå på biletet vart måla av Frida Rusti, og inneheld ordet om Kristi fred, frå evangeliet etter Johannes.

Det er ikkje nokon kyrkjegard nær ved kyrkja, men tre gravplassar er knytte til soknet: Hjartnes, Nordtveitgrend og Baldersheim gravplassar. Av desse er Baldersheim størst og Nordtveitgrend nærast, medan vetle Hjartnes ved havet er kjend som særleg vakker.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"