Fasteaksjonen i Fusa 2021

Aksjonsdagane går frå 21.-23. mars, men du kan vera med å gje allereie no!

Sjå for deg at når du vaknar i morgon, og skrur på vatnet for å pussa tennene, kjem det skittent vatn ut av krana. Om du drikk vatnet risikerer du å bli sjuk, og du får ikkje vaska hendene skikkeleg. Dette er realiteten for mange menneske i landa Kirkens Nødhjelp arbeider i, og koronaviruset har gjort situasjonen endå verre.

Pengane vi samlar inn til Fasteaksjonen i år, er viktigare enn nokon sinne – og du kan vera med og gjera ein forskjel! Alle gåver, små og store, kjem godt med i Kirkens Nødhjelp sitt arbeid, og kr 250,- er nok til å gje eitt menneske reint vatn resten av livet. Me vil vera med og gje vatn til mange!

Du kan gje på mange ulike vis: me har ein Facebook-aksjon, du kan Vippsa pengar, og det går an å gje over SMS og bankkonto. I tillegg går det an å gje direkte over Fasteaksjonen si heimeside (sjå under). Før har konfirmantar gått rundt med bøsser - i år kjem dei til å dela digitale aksjonar og posta informasjon. Me vonar på eit kjempeflott resultat i år òg!

Sjå under for meir informasjon om korleis du kan gje.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"