Gravplassarbeidar i 100% prosjektstilling

Velkomen til å søkje arbeid i ei nyoppretta prosjektstilling med varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø – der fokuset vårt er å m.a. å yte god service andsynes andre menneske.

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ansvar for drifta og vedlikehaldet av alle dei 13 gravplassane og 7 kyrkjebygga i kommunen. Dette gir varierte oppgåver frå stell/drift av grøntanlegg, anlegg elles knytt til gravplassane, kyrkjetenarfunksjon ved gudstenester og kyrkjelege handlingar knytt til Os sokn. Driftsavdelinga vert leia av driftsleiar og vil med den nye tilsette utgjere 7 personar fordelt på 6,65 årsverk.

Som følgje av auka arbeidsoppgåver dei komande åra vert det no oppretta ei prosjektstilling i driftsavdelinga. Varigheit: 3 år.

Arbeidsoppgåver

I samband med etterslep av oppgåver, utbyggingsoppgåver og endra organisering vil prosjektstillinga m.a. omfatte:

  • Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar. Dette inneber t.d. vedlikehald av grøntanlegg og bygningar, reinhald og ulike vaktmeistertenester
  • Gje god service til brukarane av gravplassane
  • Praktisk tilrettelegging, gjennomføring og oppfølging av gravferder og urnenedsetjingar
  • Praktiske oppgåver i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar, konserter og andre arrangement i kyrkjelyden sin regi og ved utleige av kyrkjene

Vi ønsker oss søkjarar med:

  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Praktiske ferdigheiter og evna til å arbeida nøyaktig og forsvarleg
  • Bygg- eller grøntfagleg utdanning (fagbrev) og/eller erfaring innanfor begge/ei av desse felta
  • Søkjaren må være i ein fysisk form som gjer vedkommande i stand til å utføre dei arbeidsoppgåvene som er nemnt i utlysinga, samt kunne arbeide utandørs store deler av arbeidstida
  • Evne til å samarbeide, jobbe sjølvstendig og «ha auge for kva som må gjerast»
  • Det vert stilt krav om førarkort klasse B og søkjar må kunne disponere eigen bil i tenesta 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og utfordrande stilling der ingen dagar er like
  • Godt arbeidsmiljø i samarbeid med tilsette og frivillige
  • Løn etter avtale innanfor rammene av avtaleverket for kyrkjeleg sektor (KA sitt avtaleområde) Pensjonsordning i KLP

Det må påreknast noko helge- og kveldsarbeid i samband med kyrkjetenaroppgåver.

Søkjar må være medlem av Den norske kyrkja.

Oppmøtestaden for den som vert tilsett er i Os, men ein må rekne med å ha arbeidsoppåver i heile Bjørnafjorden kommune.

Søknadsfrist er 18.04.2021. Søknadsskjema kan de finna her.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"