Venneveko er i gong, og datagruppa til soknet (under leiing av Stefan) inviterer alle til å vera med og spela Minecraft på ein heilt eigen Fusa sokn-server! Sidan det vert mykje heimesitjing for oss alle, vil me gjerne finna andre måtar å vera saman på.
Frå måndag til fredag denne veka kan du logga deg inn mellom 15:00 og 20:00 for å spela saman med klassekameratar, vener, og andre frå Bjørnafjorden kommune. Me gler oss til å spela med dykk og byggja spanande ting på Fusa-kartet. Det vert daglege konkurransar, samt hovudkonkurransar der me trekkjer vinnarar på slutten av veka.
Hovudkonkurransar:
- Mest kreative byggverk - premie: Gaming-datamus
- Kongen befaler - premie: Gamingsett (datamus, headset, tastatur)
- Finaste kyrkje - premie: Gaming-stol
- Finale for dagskonkurransar - premie: Gaming-headset
Dagskonkurransane vert presenterte på sjølve serveren.
Innloggingsinfoen er:
Servernamn: Fusasokn.serv.nu (merk! Hugs stor bokstav)
IP-adresse: 51.89.190.226
Port: 25565
Du må òg bruka PC med Java og ha spelversjon 1.16.4.
Ta elles kontakt med Stefan (sjå under) om de lurer på noko.
Me ynskjer at dette skal vera ein hyggjeleg aktivitet for alle. Dersom nokon øydelegg for andre, kan dei få åtvaringar, eller verta utestengd frå serveren for ein tidsperiode. Me stolar på at alle ynskjer å ha det fint saman. Velkomen til Fusa sokn - i Minecraft!