Velkomen til årsmøte i Fusa sokn! Her skal me presentera årsmeldinga og rekneskapen frå året som har vore og samtala om tida som kjem.
Som ein del av samlinga vil sokneprest Einar "kåsere" og sjå tilbake på si 42 år lange presteteneste. Her blir det mange gode historiar med mykje lått og løye, men òg sterke møte med både Gud og menneske. Lett servering blir det òg.
Velkomen til Eikelandsosen bedehus på onsdag 10. april, 19:00!