Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ny vikarprest etter nyttår

I januar kjem Benjamin Anda til Giske for å vikariere som sokneprest på Valderøya. Vi håper alle tar godt imot han, og vi gler oss til å bli bedre kjende med han. Her fortel han litt om seg sjølv.

Eg heiter Benjamin Bjørnsen Anda og eg er fødd og oppvaksen på Jæren i Rogaland - litt rundt omkring. Eg er 26 år gamal, men er nok ein god blanding av barnsleg og gamaldags til sinns. Dei siste 7,5 åra har eg studert ved NLA Høgskulen i Bergen kor eg i haust leverte mi masteravhandling i teologi, denne handla om Børre Knudsen og Willy Abildsnes si salmediktning. Eg hadde gleda av å ha salmediktar og prof. em. Arve Brunvoll som rettleiar på oppgåva. Våren 2019 tok eg praktikum ved Menighetsfakultetet i Oslo. Som mange vil sjå har eg studert lenger enn ein vanleg prestestudent, årsaka er ganske enkelt at eg strauk ein gong og to i hebraisk. Fordelen med det var at eg fekk gleda over å vere prestevikar i Ålesund heile hausten 2016. Eg har au vore innom alle kyrkjene som høyrer til Ålesund Kyrkjelege Fellesråd dei siste fire-fem sommarane, som sommarprestevikar. Slik har eg blitt godt kjent med og svært glad i Sunnmøre. 

Den 15. desember blir eg ordinert til presteteneste i Bergen domkyrkje - og til januar tek eg fatt som vikar i Valderøy sokn og elles i sokna i Giske. Det gler eg meg til! Som prest vil det viktigaste for meg vere å forkynne Guds rike kjærleik til alle menneske i Jesus Kristus, evangeliet om forlating for syndene. Det er Jesus som kjerna og stjerna i Skrifta, som Luther seier. Han er det sentrale som eg hentar kraft frå og som eg vil gje vidare til menneske både i Giske kommune og elles. Gudsteneste og diakoni høyrer saman og skal vere prega av Jesu sinnelag og gode blikk. Slik ønskjer eg det skal vere i mi teneste au - eg ønskjer å møte menneske med godleik, respekt og med eit godt blikk. I kyrkja er eg svært glad i liturgien og salmane - og det å feire gudsteneste og syngja salmar gjev meg glede. 

Elles er eg glad i menneske og trivst i sosialt lag, sjølv om eg kan vere litt sjenert. Utanom kristelege syslar set eg pris på eit godt brett- eller kortspel, ein god konsert, beina på bordet og augo mot fjernsynet eller ein liten tur i godt lag og mykje meir. 

Eg ser fram til å bli kjent med folket i Giske kommune!"

 

Alt godt,

Benjamin 

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"