Litt historie

Den gamle ærverdige marmorkyrkja ber bud til oss frå fjerne århundrer og dei som budde her i eldre tid. Men lenge før det vi kallar historisk tid var det grunnlagt lokale småsamfunn på øyane ved Ålesund: Hareidlandet, Vigra, Valderøy, Godøy og Giske - som låg strategisk til i ferdselsleia langs kysten.

Litt historie

"På hver enkelt av disse fem øyene er, eller har det vært, et gravmonument som har hevet seg langt over det vi ellers er vant til... ", skriv professorjohs. Bøe, "... noe henimot fyrstelige mausoleer i sin art... ". Desse gravhaugane er frå bronsealderen, eller eldre bronsealder.

Mjelthaugen på Giskegjerde:

Når det gjeld Giske - som vi skal konsentrere oss om - er Mjelthaugen på Giskegjerde frå bronsealderen. Ornamenta på gravkistehellene som vart funne her, er eineståande 'i sitt slag. Ei grav frå romertida er innlagt i haugen seinare. "... ved overgangen til historisk tid finner vi neppe mer enn to kanskje bare en eneste ætt av første rang i dette området", skriv Bøe vidare - "Men det er til gjengjeld Norges mektigste og interessanteste adelsfamilie, Arnungene, som hadde sitt hjem på Giske... ".

Historikaren Chr. Lange seier om Giske m. a.: "... der gis ingen gaard i hele landet, som gjennem hele Norges middelalder har hatt mektigere og merkeligere beboere, og ingen om hvis beboere man har mere sammenhengende efterretninger".

Giske er mykje nemnd i sagaene, og vi kan fylgje med i hendingane på dette herresætet frå før år 1000 og til Giskegodset med alle eigedomar i år 1582 vart gitt til den dansk/norske kongen. Etter dette vart godset eige len og styrt av lensherrar, futar o.1. - og i 1758 selt ut stykkevis gard for gard.

Namnet Arnungane eller "Arnmødlingane" er etter Arnmod Jarl, som fall i slaget mot jomsvikingasne i Hjørungavåg år 986. I Arnungatal, eit slektsregister nedskreve på Giske, heiter det at ætta sin stamfar (Finneid) vart funnen som barn i eit ørnereir "- og ingen kjenner ætta hans... ". Arnungatal fortel at Arne Arnmodson vart eigar til Giske i 990, og om slektsskapen med andre stormannsætter og med kongeslekta.

Ragnvald Mørejarl:

Før Arnungane sin lange maktperiode reknar ei med at ei anna høvdingætt åtte Giske. Historikarane trur at Ragnvald Mørejarl budde på øyane i Giske. Kfr. tekstplate på Gange-Rolv statua. Det var sonen til R. Mørejarl, Gange-Rolv, som var leiarfor erobringa av Normandie i 911. Han er stamfar for Wilh. Erobreren og dermed m. a. det engelske kongehus. 11911 vart det i den franske byen Rouen sett opp ei statue av Gange-Rolf og byen gav ein kopi av statua, som er oppsett i parken i Ålesund.

Snorre fortel:

Om det er knapt med opplysningar så tidleg i soga, er det til gjengjeld rikeleg frå år 1000 og utover. Snorre fortel mellom anna om den sentrale rolle Arnesønene Kalv, Finn, Torberg og Arne hadde i slaget på Stiklestad. Torberg tok over Giske, Kalv og Finn vart lendmenn i Trøndelag, ogArne i Romsdal. Torberg var gift med Ragnhild, dotter til Erling Skjalgson, og dei hadde ei dotter som heitte Tora. Ho var gift med kong Harald Hardråde og stammor for dei fylgjande norske kongane. Etterkomarane til Torberg og Ragnhild som åtte Giske i århundra framover er kalla "Giskeætta". Mange av desse nemner soga som framståande menn. T. d. Øystein Orre, Pål Flida, Peter til Giske og Nicolaus Kuvung m.fl. Etterkomarane til Arne tok over Bjarkøy, og kom seinare tilbake til Giske (kring år 1300).

Noko slektsregister er det ikkje plass til i denne korte omtalen, men Professor Bøe uttrykker det i få ord slik: "Alt tidleg på tusentallet hadde Arne Arnmodsons mange barn kommet seg inn på den ene storgården etter den andre, frå Tjøtta snart også Bjarkøy - og sydover, og få generasjoner etterpå hadde det sittet etterkommere av dem på alle kongsseter fra Norge og Sverige til Skottland og Isle of Man. Ikke rart at sagnet lar Ørner våke ved ættens vugge".

Giskegodset omfatta ei mengd med gardar på ymse stader i landet og Orknøyane. Med eigedomane fylgde også lendemannsvervet og maktstillinga, og Giske gjekk i arv frå far til son i fleire hundre år. Baron Bjarne Erlingson var gift med den siste direkte ættling av Giskeætta, Margreta (d. år 1307). Etter det soga fortel var denne Margareta det beste gifte i landet "på grunn av sin ætt, sin rikdom og skjønnhet". Bjarne testamenterte gods til mellom anna Giske kyrkje. Han var formyndar for den mindreårige kong Erik, og førde an i lendmennene sin kamp mot Hansaveldet og embetsstanden. Erling Vidkunson (Bjarkøy) ervde no Giske. Han var drottsete i ni år.

Ridder Sigurd Jonson kalla seg "ridder til Giske", og åtte Giskegodset frå år 1425 til 1455, men han budde heller lite på Giske. 1 år 1439 vart Jonson drottssete og seinare riksforstandar. Han styrde landet i mange år. Då kongen, Kristoffer av Bayern, døydde i 1448, ville mange ha Jonson til konge, men han sjølv ville ikkje, fortel soga.

Inger til Austråt sat også med Giskegodset ei kort tid. Det er elles mange andre som kunne ha vore nemnde av dei som åtte Giskegodset før dette vart oppløyst etter å ha vore ein samla eigedom i 7-800 år.

I det danske riksarkiv er oppbevart eit rekneskap frå garden på Giske i år 1563. Dette skal vere det einaste rekneskap i sitt slag som er bevart i heile landet, og er i tillegg svært detaljert med oppgåve og prisar, varer av ymse slag, løner m. m. Rekneskapen for godset og sjølve garden er adskilt. På denne tida hadde garden på Giske ein produksjon av t. d. smør på 1000 kg i året. I året 1658 betalte garden feskatt for 55 mjølkekyr 44 oksar og ungfe, 80 sauer, seks svin og ti hestar.  

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"