Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Olsokfeiring i Borgund

Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi i samarbeid med kyrkjelydane i Ålesund inviterer til tradisjonell olsokmarkering i Borgund kyrkje mandag 29. juli.

                                               

Kvelden opnar med økumenisk gudsteneste i Borgund kyrkje kl. 18.00 der deltakarar frå fleire av kyrkjelydane er med. Som tidlegare år har vi også eit samansett kor og musikkrefter som vil løfte det heile til ei høgtidsstund. Randi Synnøve Røssaak bidreg med solosong. Liturgar for kvelden er Reidar Standal og Knut Bjune, medan Ola Eide og Kjetil Kvangarsnes har ansvar for det musikalske.

Etter gudstenesta blir det høve til å kjøpe rømmegraut, kaffi m.m. i Borgund menighetshus, før markeringa av dagen held fram med olsokforedrag i kyrkja.

Årets foredragshaldar er sosiolog, forfattar, samfunnsdebattant, m.m. Dag Hareide. Foredraget har tittelen Ja, jeg elsker dette landet, og under denne overskrifta vil han sjå nærare på kva vi kan forstå med omgrepet nasjonalisme. Hareide stiller spørsmål ved både gode og skadelege sider ved nasjonalismen, mest slik han artar seg i Norge, men òg i resten av verda. Vidare diskuterer han fundamentale spørsmål som: Kva vil det seie å vere norsk? Kva er ‘norske verdiar’? Og: Kva formål har Norge?

Dag Hareide, f. 1949 i Oslo, har røter på Sunnmøre med farsslekt frå Hareid. Best kjent er han kanskje for leiararbeid i Naturvernforbundet, Regnskogfondet, Kirkens Bymisjon og som rektor på Nansenskolen. For mange vil Hareide også vere kjent frå arbeidet for Namibia-foreningen og for FN i Etiopia, Miljøagentane og Blekkulf, Miljøheimevernet, Nordisk Forum for Megling og Konflikthåndtering og Verdikommisjonen.

Opprinneleg utdanna sosiolog med eit stadig vidare engasjement, men alltid med fokus på sosial rettferd, menneskeverd og vern av naturen både lokalt og globalt. Som forfattar har han gitt ut bøker som handlar om desse kjernesakene. Dessutan er ei ny bok snart klar for utgiving, denne gongen om kunstig intelligens.

Hareide, som er ein av pionerane i norsk miljøengasjement, har tatt initiativ til ei lang rekkje organisasjonar og rørsler. For det omfattande og samfunnsbyggande engasjementet over fleire tiår, blei han i 2016 heidra med utnemning av Kong Harald til ridder av St. Olavs Orden 1. klasse

Vi ser fram til å få den profilerte samfunnskritikaren og framifrå formidlaren på besøk i ei tid der nasjonalistiske trendar gjer seg gjeldande i politikken både her til lands og på fleire kontinent.

 

Vi ønskjer medlemmar og andre velkomen til ein givande olsokkveld!

 

Beste helsing

Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"