Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ordinasjon til prest

Søndag 23. juni kl. 11.00 blir det ordinasjon av Beate Folkestad Osdal i Valderøy kyrkje.

Det er ikkje ofte vi har presteordinasjoner her på øyane, men Beate seier det slik: "Det er spesielt kjekt å få lov til å bli ordinert i heimkyrkja. Eg gjekk på speidar annakvar tysdag i kyrkjekjellaren i 9 år, så eg kjenner meg veldig heime der. Det er no og ekstra artig at pappa har vore med å bygd kyrkja. Eg gler meg!"

Vi har bedt Beate fortelje litt om seg sjølv:

"Eg bur i Selje, er 48 år, gift med voldingen Stein Robert, har tre barn og for litt sidan vart eg bestemor til ei lita skjønn jente. 

Eg vaks opp i Skjongskaret på Valderøy med brørne mine, Geir Inge og Lars Petter, men flytta ut etter vidaregåande. Eg er utdanna kateket og har jobba i kyrkja i over 20 år. Frå 2016 har eg vore vikarprest i Selje og Vågsøy, og eg er no fungerande sokneprest i Vågsøy. Frå sommaren av går eg inn i fast stilling som sokneprest i Totland og Nord Vågsøy. 

Ønskje eg har om å jobbe som prest har modnast fram over mange år. Allereie i 2003 fekk eg utvida fullmakt til å ha gudstenester med dåp og nattverd, fordi det berre var ein prest i Selje, eg ønskja det og at det har vore ønskja av soknepresten, prost og kyrkjelyd. Som kateket hadde eg 9-15 familiegudstenester i året, så allereie før eg vart prestevikar i 2016 hadde eg hatt om lag 150 gudstenester og døypt rundt hundre barn. Eg var definitivt ikkje klar til å bli prest då eg var 25 år. Eg trur ikkje tanken hadde slått meg ein gong at eg kunne bli det. Eg har nok trengt tid til å venne meg til tanken og sakte, men sikkert nærme meg oppgåvene ein prest har. 

Eg er svært glad i å jobbe i kyrkja, og eg liker svært godt å ha og gå på gudstenester. Grunnen til at eg går frå å vere kateket til prest er nok fordi det dei siste åra har vakse fram eit sterkt ønskje i meg om å få jobbe med heile kyrkjelyden. Som kateket jobbar eg mest med barn og ungdom, medan prestar jobbar med heile kyrkjelyden. Noko av det eg trivst best med er å forkynne både til barn, ungdom og vaksne. 

Den store prestemangelen har nok og vore ein motivasjon for å bli prest. I Nordfjord der eg jobbar, manglar det prest i tre av sju prestegjeld. Eg trur eg må få seie at eg både har kjent på eit indre og eit ytre kall til å bli prest dei siste åra."  

 

Vi gler oss med Beate og ser fram til ordinasjonsgudsteneste her i Valderøy kyrkje! 

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"