Ledig stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog

Vil du bli vår nye trusopplærar? Frå nyttår er det ledig stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog hos oss.

Giske er ei kystkommune med om lag 8 500 innbyggjarar, som er busett på 4 øyer bundne saman av bruer og tunnelar. Kommunesenteret er på Valderøya. Kommunen ligg i Møre og Romsdal, og det er 15 minutt gjennom undersjøiske tunnelar til Ålesund. Kommunen har flyplass, Ålesund lufthavn Vigra. I kommunen og området rundt er det flott og variert natur, med gode høve til friluftsliv på sjøen eller i fjellet. I tillegg er det eit rikt kulturliv innanfor mange områder. Giske har gode skuletilbod og full barnehagedekning.

I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Vigra kyrkje i Vigra sokn, Giske kyrkje i Giske sokn og Valderøy kyrkje i Valderøy sokn. Dei tre kyrkjene har kvar sine særmerker. Vigra kyrkje er ei trekyrkje frå 1894 og er den største kyrkja, Giske kyrkje er ei middelalderkyrkje i marmor og Valderøy kyrkje frå 1961 er ei arbeidskyrkje. Staben i Giske tel i alt 11 personar med 2 prestestillingar, trusopplærar, diakon, 2 organistar, sekretær, kyrkjetenarar/ klokkarar og kyrkjeverje.
Staben har kontor i Giske rådhus.

 

Giske kyrkjelege fellesråd søkjer Trusopplærar / Kyrkjelydspedagog.
Det er ledig 100% stilling som trusopplærar i Giske kyrkjelege fellesråd frå 01.01.22.

Arbeidsoppgåver for trusopplærar:
- Leie trusopplæringa for dei 3 sokna
- Vidareutvikle og drive trusopplæring etter vedteken trusopplæringsplan for alle døypte frå 0-18 år i kyrkjelydane Giske, Valderøy og Vigra sokn
- Trusopplæringa skjer med forankring i kyrkjelydane sine eksisterande
aktivitetar og i nært samarbeid med andre tilsette og frivillige
- Planlegge, promotere, gjennomføre og evaluere trusopplæringstiltak
- Delta i stabsmøter
- Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre relevante råd/utval og
rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar
- Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid/konfirmantarbeid for barn og unge i team med andre tilsette

Kvalifikasjonar for trusopplærar:
- Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad, med kristendom/teologi og pedagogikk
- Kjennskap til Plan for trosopplæring: Gud gir - vi deler
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
- Erfaring fra arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid

I tillegg ynskjer vi at trusopplæraren er:
- Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje

- Glad i å arbeide med barn og ungdom
- Flink å formidle
- Ein god motivator
- Open for samarbeid med andre kyrkjesamfunn
- Glad i song, musikk og friluftsliv
- Erfaren i bruk av IKT-verktøy og med god kjennskap til bruk av sosiale media

Særskilte krav:
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje.
Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skrifteleg.
Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter trussamfunnslova § 20.

Lønnsvilkår:
Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
Medlemskap i KLP.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug tlf. 90 55 80 72 / 45 06 53 80.

Søknad med vitnemål og attestar vert å sende
Giske kyrkjelege fellesråd, Valderhaug 4, 6050 Valderøy /
turid.urkedal.valderhaug@giske.kommune.no innan 15.12.21

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

90 59 70 55

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"