Covid - 19

Lokal smittevernplan for gudstenester, dåp, vigsel og gravferd i Gulen, Mjømna og Brekke. (2)
Basert på smittevernrettleiaren « Bransjestandard for gudstjenester og kirkelige handlinger i Den norske kirke», versjon 1.2., 12.05.2020.

Vedteken av Gulen kyrkjelege råd/ fellesråd 20.05.2020
Endra 18.06.2020 etter nye retningslinjer gitt fom 15.juni, ny bransjestandard frå 16.06.20, orientering i GKR 17.06.2020 samt kontinuerlege vurderingar.

Kyrkjeverja får fullmakt, i samråd med leiaren i soknerådet, å justere smittevernplanen ut frå nasjonale og lokale føringar og  erfaringar,  samt endringar i bransjestandarar.

Kyrkjeverja

  1. Førebuing til gjenopptak av normal aktivitet
  • Lage og vedta lokal smittevernplan
  • Lage og vedta ny gudstenesteplan (ny aktivitet frå 24. mai)
  • Gjennomføre dokumentert opplæring både for tilsette og frivillege ( kyrkjevertar, klokkarar, medverkande i gudstenesta)
  • Gjennomføre seremoni om vilkår i planen er oppfylte
  • Hovudpunkta i planen vert gjort tilgjengeleg på nettsida og ved oppslag i kyrkjene, samt på plakatar som kunngjer gudstenestene

  1. Nokre hovudpunkt – avvik frå normal drift
  • Maksimalt tal deltakarar utanom bemanning er 200 personar, men størrelsen på kyrkjeromma overstyrer antal.
  • Med krav om 1 m avstand vil det vere plass til 75 i Brekke, 120 i Gulen og 50 i Mjømna.
  • Når det gjeld gravferder, konfirmasjonar ol vil det vere plass til fleire, då husstandar kan sitje saman. Utfrå dette er vurderinga at det kan vere opptil 100 i Brekke, 175 i Gulen og 75 på Mjømna ved slike sermoniar.
  • Alle deltakarar skal halde minimum 1 m avstand (gjeld ikkje dei i same husstand) – noko som overstyrer bestemmelsen om maksimaltalet
  • Vi vil føre oversikt over dei som er til stades på arrangement og oppbevare denne informasjonen innelåst før makulering etter 10 dagar
  • Det er ynskje om kyrkjevert til stades ved gudsteneste. Kyrkjevert, eller klokkar dersom det ikkje er kyrkjevert til stades, har ansvar for deltakarregistrering og syte for informasjon til deltakarar
  • Sjuke personar kan ikkje delta på kyrkjeleg arrangement
  • Det vert no tillete med dåp i vanlege gudstenester
  • Det vert no tillete med kyrkjekaffi i samband med gudstenestene. Tilrår at kyrkjevertane tømmer i koppen og legg på fat.
  • Dersom kyrkjeofringar skal skje med mottak av kontantar, blir det offring kring altaret. Pengane blir lagt i ein konvolutt og lagt i safe i karantene i ei veke. Oppteljing skjer på kyrkjekontoret med to personar til stades. I tillegg har vi ordning med Vipps.
  • Kyrkja sine salmebøker kan no nyttast, men det må vere minst eitt døgn mellom kvar gong
  • Putene kan takast fram og brukast,- men må vere minst eitt døgn mellom kvar gong
  • Det kan no nyttast vanlege nattverdskalkar til nattverd. Etter bruk må dei vaskast i kokande vatn og skyljast i kokande vatn.
  • Det er viktig at annankvar benk framleis er avstengd, også ved gravferder.

 

 

3. TILTAKSPLAN

Tiltak

Ansvar

Kursing av alle tilsette og frivillige som skal tenestegjere i gudstjenester/seremoniar

Kyrkjeverje og prest

Handspritdispensar ved inngangen. Sjå til at alle besøkande nyttar denne.
Småflasker med handsprit tilgjengeleg framme i koret  og ved orgel for medverkande.

Kyrkjeverje skaffar, kyrkjetenar set ut i kyrkja. Kyrkjevert/kyrkjetenar ser til at folk brukar det.

Prest / organist i kor / ved orgel.

Syte for forsterka reinhald. Dette gjeld både før og etter arrangement.

Organist reingjer spelepult,tangentar.

 Kyrkjetenar reingjer dørhandtak, lysglobe og kyrkjebenkar, talarstol, mikrofon og altar/altarring.

 

Syte for at plakatar om god hand- og hostehygiene heng godt synleg.

Prest/ kyrkjetenar

Merke tydeleg av kvar folk kan sitje ved hjelp av gudstenesteark/program. Syte for god avstand, minimum 1 meter. Dei som kjem frå same husstand kan sitje saman utan omsyn til avstand.

Ved bruk av skjerm til heile gudstenesta viser ein dei som kjem til rettes.

Prest har ansvar for å ta med programark.
Kyrkjetenar legg ut eventuelt materiellet før seremonistart.

Kyrkjetenar rettleiar dei som kjem på plass i benkene.

Fjerne lause puter som berast rundt i kyrkja (puter som ligger fast i benkene kan ligge)-går ut!

Kyrkjetenar

Før seremonien, ha ein plan for korleis unngå trengsel ved inngang/utgang og nattverd

Prest og kyrkjetenar

Evt. ekstra utstyr som skal berast inn i kyrkja må gjerast i god tid før gudstenesta. Dette utstyret må reingjerast før bruk.

Kyrkjetenar

Passe på maks antal  inntil 200  personar utanom tilsette og frivillige. Lokalet må vere stort nok til at krava til avstand vert overhaldne.

Kyrkjevert har ansvar for å telje i døra og lukke når maks- talet er nådd. Prest har ansvar for at reglar for antal og avstand vert heldne.

Føre liste over dei som er til stades ved arrangement. Ferdig skjema med namn på medverkande, samt  felt for namn og telefonnummer på deltakarar.

Prest tek skjema til og frå, kyrkjevert

(klokkar) fyller ut ved inngangen.

Setje opp skilt/plakat når kyrkja er full

Kyrkjetenar/ kyrkjevert ( klokkar)

Kyrkjeofring: ofring med kontantar rundt altaret.

Pengane blir ikkje talt opp, men lagt i ein konvolutt i safen i karantene i ei veke. Blir levert kyrkjekontoret for oppteljing, to må vere til stades.

Ein kan også nytte Vipps.

Prest / kyrkjetenar.

Unngå samanstimling ved utgang.

Kyrkjevert/prest
Dette vert og sagt i kunngjeringane.

Kyrkjevert står ved utgang.

Dåp
Dåpsfølget som står ved døypefonten saman med presten, bør bestå av få personer.

Forutsett grundig handvask i forkant, kan dåpshandlinga gjennomførast på vanleg måte utan bruk av hansker: Å teikne korsets teikn på panna, ause vatn over og tørke av hovudet til barnet og handspålegging.

Papirserviett eller tøyserviett vert nytta til å tørke hovudet til dåpsbarnet.

Presten let ein i dåpsfølgjet løfte barnet fram for kyrkjelyden i etterkant av dåpshandlinga, og at barnet vert halde av same person gjennom dåpshandlinga/gudstjenesta.

 

Prest

Nattverd

Førebuing:

Det vert forutsett god handhygiene frå kyrkjetenar i førebuing av nattverden.

Brød er lagt i særkalkar  i forkant av seremonien, og sett på nattverdsbord. Dette vert tildekka.

Vin hellast i kalken i forkant av seremonien og dekkast med duk (plast) og vert sett på altaret.
Prest vaskar hender rett før gudstjenstenesta.


Gjennomføring:

Nattverd vert gjennomført slik at det ikkje er direkte kontakt mellom nattverdutdelar, brød/vin og deltakar. 

  • Presten nyttar handsprit synleg for å skape tryggleik for deltakarane. 
  • Tøyserviett dekker over elementa gjennom heile innstiftingsseremonien. 
  • Nattverdsdeltakarane kjem fram og held minimum 1m avstand.
  • Utdelinga skjer primært som ståande nattverd.
  • Deltakar tek sjølv opp brødet frå begeret, og får tilsigelsen. Presten heller vin i begeret og gir tilsigelse.
  • Bosskorg til å kaste begera i står tilgjengeleg dersom ein brukar plastbeger

Prest og kyrketjenar

 

 

 

 

Kyrkjetenar gjer klar nattverdsbegera med oblat oppi.

Gravferd

·       Ingen særskilte tiltak her ut over dei generelle retningslinjene

·       Særskilte hygienekrav for det som vert berørt av fleire i seremonien

 

Kyrkjeverje og prest

Vigsel

·       Berre brudepar og forlovarar er ved altaret saman med presten.

·       Forutsett god handhygiene i forkant og etterkant, kan ekteskapsinngåing og forbøn med handspålegging gjennomførast på vanleg måte.

 

Prest

Kontaktinformasjon for Gulen kyrkjelege fellesråd

Gulen kyrkjekontor
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik 
Org. nr: 976995716

Telefon til kyrkjeverje: 57 78 20 90/ 97044591
Epost: post@gulen.kyrkja.no
kyrkjeverja@gulen.kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"