Lokal smittevernplan for Kyrkja i Gulen

Oppdatert smittevernrettleiar

 

Lokal smittevernplan for Kyrkja i Gulen (7)

Oppdatert etter  bransjestandard for Den norske kyrkja, versjon 10.0, 27.05.21.

 

Frå og med 27. mai er det innført  lettelsar i dei nasjonale smitteverntiltaka.

Endringane inneber at antal som kan vere til stades ved gudstenester og kyrkjelege sermoniar  i Gulen no vert endra, men at annankvar benk framleis vil vere avstengd  for å ivareta avstandskravet på 1 m.

Antal vi kan ha i kyrkjene no med avstandsdkrav på 1 m:

Brekke: 75

Gulen: 150

Mjømna: 60

Det er framleis krav om at det vert ført liste med namn og tlfnr til dei som deltek, og lista vert oppbevart i 14 dagar til bruk ved eventuell smittesporing.

 Merk at kommunar med eit forhøga  smittenivå  er omfatta av strengare  reglar enn dei nasonale, det er difor viktig å sjekke kommunen sine heimesider.

Endringar kan kome brått på, og kyrkja må til ei kvart tid følgje opp gjeldande smitteverntiltak.

 

Dei viktigste endringane gjeldande frå 27.05 er:

  • Myndigheitene opnar for kryssing av kommunegrenser i forbindelse med arrangement:
    Anbefalinga rettar seg no mot enkeltpersonar. Den seier at personar frå kommunar med forhøga smittenivå ikkje bør oppsøkje arrangement i andre kommunar. Dette for å unngå smittespreiing mellom kommunar.

 

  • Fleire deltakarar på arrangement innandørs:
    Fra 27. mai er det tillatt med inntil 50 deltakarar utan faste tilviste plassar, 200 med faste, tilviste plassar. På innandørs idretts- og kulturarrangement for barn og unge under 20 år som tilhøyrer same kommune er grensa 100 deltakarar utan faste, tilviste plassar. Utandørs gjeld same antal som tidligere, 200 utan fast tilvist plass. Merk at avstandsreglane framleis har forrang, alle som ikkje er i same husstand/kohort skal kunne halde 1 m avstand. Reglane gjeld uavhengig av vaksinestatus.

  • 2 meter ved innandørs allsang gjeld no kun kommunar med forhøga smittenivå:
    Kommunar med forhøga smittenivå er kommunar med strengare lokale forskrifter eller som er omfatta av tiltaksnivå A, B eller C. Her anbefalar ein framleis to meter avstand ved allsang innandørs.

 

 

 

Lokal smittevernplan for Kyrkja i Gulen (5)

Utarbeida etter ny bransjestandard for Den norske kyrkja, versjon 8 oppdatert 23.02.21.

Kyrkjeverja får fullmakt i samråd  med leiar å gjere endringar som måtte kome nasjonalt/lokalt.

 

Innleiing:

Frå 23. februar er den nasjonale covid-19-forskrifta endra. Endringane medfører at kyrkja kan ynskje fleire deltakarar velkommen på sine arrangement. Det medfører også behov for å gjere nye lokale vurderingar knytta til korleis kravet om faste tilviste plassar kan praktiserast i det enkelte kyrkjebygg.

Det er også ikkje berre 1m-regelen som gjeld ved samlingane i kyrkja, skal ein ha felles salmesang er det tilrådd 2 m avstand. Dette medfører ulikt deltakarantal ved ulike sermoniar med og utan fellessong, og vil også vere ulikt i våre tre kyrkjer.

Rettleiaren tek utgangspunkt i dei nasjonale reglane, men dersom det blir fastsett lokale tiltak må ein til ei kvar tid følgje dei.

 

  • Forsvarleg smittevern i kyrkjeleg verksemd

– nasjonale reglar og anbefalingar.

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning til stades.
  6. Begrense antalet sosiale kontaktar.

 

For å ivareta smittevernreglane vil det ofte vere behov for auka ressursar i form av praktisk tilrettelegging, meir reinhald og forsvarleg bemanning.

 

 

Om reglar og anbefalingar i denne rettleiaren del I:

  • Ord som «krav», «skal», «må» omtalar det som er forskriftsfesta i covid-19-forskrifta. Det medfører straffeansvar å bryte desse.
  • Ord som «anbefalt», «bør» omtalar det som er anbefalt av helsemyndigheitene. Forskrifta seier at arrangørar bør følgje relevante standardar for smittevern etter forskrifta 13b. Det er generelt sett ikkje grunnlag for å sjå bort frå helsefaglege anbefalingar.
  • Når det er spesifisert at «Vi anbefaler» eller «kirken anbefaler» er dette ei anbefaling basert på tolkning frå kyrkja si leiing. Dette er meint som ei rettleiing, og det er høve til å sjå bort frå dette etter dialog med lokale helsemyndigheiter for eigenutvikla lokale løysingar.

 

  1. Definisjon av arrangement

Eit arrangement er ein samankomst på offentlig stad eller i lokaler og utendørs areal som vert leigd  eller lånt ut jfr. covid-19-forskriften §13.

Eksempl på arrangement (ikkje uttømmande):

  • Gudsteneste
  • Kyrkjelege seremoniar som dåp, vielse, konfirmasjon, begravelse/bisettelse som føregår i regi av kyrkja. Merk at private samankomstar, sjølv om dei føregår i kyrkja sine lokale, vert regulert annleis.
  • Konsertar, anten i regi av kyrkja eller andre som leiger/låner kyrkja sine lokale.
  • Stemner
  • Pensjonisttreff, samtalegrupper og liknande.
  • Menigheitsmøter/medlemsmøter, seminar, konferansar, kurs, og andre faglege samankomster.

 

Eksempl på samankomster som ikkje  vert rekna  som arrangement (ikkje uttømmande):

  • Fritidsaktivitetar for barn og unge som lys vaken, tårnagenter etc.
  • Konfirmasjonsundervisning og leir
  • Rådsmøter, styremøter og andre møter som ledd i ordinert arbeid
  • Øvelsar, prøvar, organisert trening, babysang og andre fritidsaktivitetar
  • Private samankomstar kun for medlemmar av same husstand

 

a)   Avstand – minst 1 meter

Personar som ikkje bur saman skal halde minst 1 meter avstand målt frå skulder til skulder i alle retningar. Arrangøren skal sørge for dette. Vi tilrår at kyrkja lokalt vurderar behov for ekstra kyrkjevertar e.l. som ser til at deltakarane held nødvendig avstand.

Merk:

  • Antalet til stades skal tilpassast slik at krav til avstand kan overhaldast.
  • Kravet gjeld også ved inn- og utgang og ved toalettbesøk o.l. Bruk av ekstra inn- og utgangar bør tilpassast dette.
  • Helsemyndigheitene anbefalar at avstanden aukast til minst 2 meter i alle retninar ved innandørs allsang, fordi sang har større smittepotensial.
  • Helsemyndigheitene anbefalar at unge og vaksne som har vore i ein situasjon der det har vore vanskeleg å halde minst ein meter avstand, bør halde minst to meter avstand når dei besøkjer personar i risikogruppene.

 

Det er unntak når det er nødvendig for bl.a.:

  • utøvande kunstnarar ved gjennomføring av kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør.
  • personar under 20 år som deltek på aktivitetsleir, kulturskule, leirskule, skuleavslutning, andre skuleliknande fritids- eller ferietilbod, og dei som står for arrangementa
  • dansarar, musikarar og scenekunstnarar under 20 år når dei gjennomfører kulturarrangement, dersom dei elles trenar eller øver saman.
  • personar som deltek i religiøse seremoniar som krev fysisk nærheit i kortare periodar
  • personar som er i same kohort i barnehage eller barneskule. Avstanden mellom to kohortar bør være minst 2 meter.


For kor og musikere, anbefalar kyrkja å følgje veiledere og avstandsregler utarbeidet av Norsk musikkråd og Koralliansens supplement til denne.

b)  Antal – maksimal øvre grense på 100 innandørs i faste tilviste plassar

Innandørs arrangement er forbunde med større risiko for smittespreiing, særleg viss lokala er små og har dårleg ventilasjon.

Det vert skilt mellom  arrangement med og uten faste tilviste plassar. Faste, tilviste plassar inneber ifølgje Helsedirektoratet:

  • «Fast» betyr at publikum skal sitje på tilviste plassar under heile arrangementet og ikkje bevege seg rundt i lokalet, utover ved nødvendige toalettbesøk eller liknande.
  • «Plass» betyr at deltakarane må sitje på eit sete/benk/golvteppe e.l. Arrangøren har ansvar for at stolar ikkje vert flytta nærmare enn ein meter, og at benkjer o.l. vert markert med nødvendig avstand mellom sitjeplassane. Plassane bør vere plassert slik at ansikt-til-ansikt kontakt vert unngått. Ståplassar fell utanfor begrepet.
  • «Tilvist» betyr at plassane anten er nummererte eller at verter/vakter viser deltakarane til nærmare bestemte plassar.

 

Ved faste, tilviste plassar gjeld følgjande forskriftsfesta begrensningar:

  • 100 deltakare innandørs
  • 600 deltakere utandørs, fordelt på tre grupper á 200. Det skal vere minst 2 meter avstand mellom grupper á 200.


Uten faste, tilviste plassar gjelder følgjande forskriftsfa begrensningar:

  • 10 deltakare innandørs
  • 200 deltakere utandørs

 

Merk:

  • Antall deltakarar skal alltid tilpassast slik at det er mogeleg å overhalde krav til avstand, under det felles makstaket.
  • Private samankomstar, som minnesamvær, familieselskap, julebord, vennefestar o.l. i lånt/leigd lokale har maks 10 deltakere innandørs, 20 utandørs. Dette gjeld sjølv om det er knytt til eit kyrkjeleg arrangement med andre antallsbegrensningar. Begrepet «privat sammenkomst» viser ikkje til ein privat aktør som leiger kyrkja til eit offentleg arrangement som f.eks. konsert e.l.
  • Medverkande skal ikkje teljast med i antalet deltakarar. Medverkande er bl.a. tilsette og oppdragstakrar som står for gjennomføringa av arrangementet og utøvande kunstnarar ved gjennomføring av kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør. Antalet medverkande bør begrensast til det som er nødvendig for gjennomføringa av arrangementet ut frå ei lokal vurdering.
  • Grupper med inntil 200 personar kan skiftast ut i løpet av arrangementet dersom det vert gjort på ein smittevernfagleg forsvarleg måte og det ikkje er kontakt mellom dei. Dette inneber at samtlege deltakarar må forlate lokalet og nødvendig reinhald må gjennomførast før ei ny gruppe kan sleppast inn.
  • Utandørs arrangement skal vere avgrensa av f.eks. sperreband, gjerde e.l. Dette for å sikre at krav til antal, avstand og oversikt over deltakarane kan vert følgde.

 

c)   Utpeike ansvarleg arrangør

Ein person eller verksemd skal utpekast som arrangør med ansvar for at arrangementet oppfyller krava i forskrifta og at arrangementet følgjer relevante standarder om smittevern som denne rettleiaren.

Dei som er tilstades skal bli informert om kven  som er arrangør og kven som kan kontaktast ved spørsmål om smittevern.

Kyrkja  anbefalar at dette er ein namngjeven person, og at dette vert informert om i forbindelse med kunngjeringar eller i program eller oppslag ved inngangen til kyrkja.

Se omtale i punkt 1.3 om ansvar og avgjørelsesmyndighet for veiledning om hvem som er ansvarlig arrangør for ulike typer arrangementer.

d)  Registrering av deltakarar

Arrangøren skal ha oversikt over kven  som er til stades, for å kunne bistå kommunen ved ein eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernlova § 3-6.

Oversikten skal innehalde namn og telefonnummer til deltakarane. Den skal oppbevarast på ein forsvarleg måte og slettast etter 14 dagar. Arrangøren skal informere dei som er til stades. Hjemmelsgrunnlaget for behandlingen av personopplysningene er covid-19-forskriften §13d. Kyrkja anbefaler disse informasjonsplakatene i inngangen.

Kirken anbefaler at mal for navneregistrering benytteast der kirkevert(ar) skriv ned på vegne av alle deltakane, eller der deltakane sjølv skriv seg opp. Dersom fleire skal benytte samme penn/papir bør handsprit nyttast i for- og etterkant. Trengsel kan ein unngå  ved å nytte fleire registreringsstasjonar og inngangar.

Eventuelt kan kyrkja lokalt bestemme å nytte eit system for påmelding som ivaretek krava. På kirken.no/korona finnes en oversikt over noen leverandører som kan vurderes. Sjølv om eit system med innlevering av namnelappar med kontaktinformasjon kan nyttast, vil dette føre til meirarbeid dersom kommunen har behov for raskt å få ei liste over deltakarane.

e)   Hygiene, reinhald og minst mogel bruk av felles utstyr

Gode rutinar for hygiene og handvask

  • Det må leggast til rettefor for god handhygiene for tilsette, frivillege og deltakarar, anten handvask med såpe og vatn, eller handsprit.
  • Handvask/handsprit skal nyttast ved ankomst, mellom ulike oppgåver, etter toalettbesøk, og før og etter kjøkenarbeid og matservering.
  • Oppfordre alle til å bruke tørkepapir eller albogekroken når dei hostar eller nys.
  • Vurder om nokre av deltakarane  har behov for ekstra bistand eller oppfølgjing.
  • Handsprit skal alltid vere tilgjengeleg. Vurder plassering opp mot brannfare, handsprit er brannfarleg og representerar ein fare i kombinasjon med levande lys som ved lystenning i lysglobe e.l. Meir informasjon og råd finnast på FHIs informasjonssider.

 

Spesielt om reinhald

Det er fellesrådet som er ansvarleg for å sikre at reinhald og drifta for øvrig av kyrkjebygget er i samsvar med denne rettleiaren. Nokre hovuedpunkt:

  • Aktivitetar forutsett rutine for reingjering. Rutinene skal vere kjent i kyrkja/kontoret ved oppslag og gjelder alle rom som vert nytta..
  • Det vert anbefalt god, generell reingjering av lokale der mange ferdast. Vanlege reingjeringsmidlar kan nyttast. Toaletta skal vere tilgjengelege, og må ha gode rutinar for reinhald.
  • Vi viser til FHIs råd for rengjøring og desinfisering for sektorer utenfor helsetjenesten- for detaljert rådgjeving om reingjering, hyppigheit og råd for ulike element.
  • Ver bevisst på at ulike material og overflater tåler ulik rengjeringsbehandling slik at ikkje kulturminner vert ødelagt. For råd om reingjering av freda og listeførte kyrkjer, sjå KA og Riksantikvarens rettleiing «Rengjøring av kirkerom i forbindelse med covid-19»

 

Minst mogeleg felles bruk av felles utstyr

  • Instrument, mikrofonar, bøker mv skal så langt det er mogeleg ikkje delast og ikkje berørast av andre enn dei som skal bruke det. Hvis felles utstyr vert brukt av fleire er det anbefalt handvask før og etter bruk.
  • Hugs reingjering av pianotangentar og anna utstyr som kan brukeast av fleire personar.
  • Folkehelseinstituttet vurderar at det er låg risiko for indirekte smitte frå bøker.

salmebøker kan difor brukast viss dei ikkje delast og det går meir enn eitt døgn til dei skal brukast på nytt.

 

f)    Andre smittebegrensande tiltak

  • Hindre mobilitet: Arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar bør utsettjast eller avlysast. Dette gjeld ikkje tilsette som bur i ein annen kommune enn arbeidsstaden.
  • Sjuke skal ikkje delta: Arrangøren skal iverksetje tiltak som bidreg til at sjuke ikkje deltek på arrangementet og gjere det mogeleg å ivareta hygiene. Dersom sjukdom oppstår under arrangementet, skal arrangementet avlysast og den sjuke skal reise heim eller isolerast.
  • Planlegging og risikovurdering: Lag en plan for gjennomføring med god smittevernhandtering og sørg for tilstrekkeleg kapasitet og ressursar for ei god gjennomføring.
  • Informasjon: Gje informasjon på førhand til deltakarar og tilsette om at personar som mistenkjer at die kan vere sjuke med koronaviruset ikkje skal kome på arrangementet. Dette gjeld også personar som er i heimesolasjon eller i karantene.
  • Fastsett antal: Arrangøren må vurdere kor mange deltakarar det er plass til i lokalet/kyrkja når deltakarane skal sitje med nødvendig avstand i faste tilviste plassar.
  • Markering/nummerering av plassar: Arrangøren bør vurdere markering eller nummerering av plassane i forbindelse med praktiseringa av «faste, tilviste plasser». Merk at dette må gjerast i tråd med vernebestemmelsar. Kyrkja fråråder bruk av teip/lim då dette kan føre til skader på inventar, eit meir skånsomt alternativ er sperreband og plakatar.
  • Ventilasjon: Det blir anbefalt vanleg nivå av ventilasjon og normalt vedlikehald av ventilasjonssystemet. Der det ikkje finns mekanisk ventilasjon, bør ein  lufte gjennom glas før og under arrangementet.
  • Hindre mingling mellom personar som ikkje bur saman: Arrangøren må vurdere kontaktreduserande tiltak som hindrar kø og trengsel, for eksempel bruk av fleire inn/utgangar og registreringsstasjonar. Vurder om dei som sit nærmast utgang bør gå ut først. Arrangøren bør sørge for at deltakarane ikkje minglar. Handhelsing, klemming o.l. skal unngås. Rommet bør vere ferdig rigga før aktiviteten startar. Sjå også om servering av mat/kirkekaffi i punkt 1.5.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Gulen kyrkjelege fellesråd

Gulen kyrkjekontor
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik 
Org. nr: 976995716

Telefon til kyrkjeverje: 57 78 20 90/ 97044591
Epost: post@gulen.kyrkja.no
kyrkjeverja@gulen.kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"