Flott og vellukka visitas

Biskop Halvor Nordhaug besøkte Gulen og Masfjorden i slutten av oktober. Det var eit tettpakka program med fleire gudstenester, Frivilligfest, skulebesøk, konfirmanttime og mange samtalar. Visitasen vart avslutta med visitasgudsteneste i Gulen kyrkje.

I visitasføredraget ga han mykje ros til kyrkjelydane for arbeidet som blir gjort. Samtidig kom han med utfordringar som både sokneråda og kyrkjemedlemane må arbeide med:

•    Gå til gudsteneste regelmessig, både for dykkar eiga skuld og for å gje Gud ære.
•    Ver med på spleiselaget for å få til ei betre fordeling av prestetenesta
•    Ta vare på frivillige, lag fellesskap og gje opplæring slik at fleire kan bli med i det som skjer
•    De må få i gang ei gjevarteneste i dei sokna som ikkje har det.
•    Arbeid vidare med den spennande ideen om forum for samtale om tru.

Kontaktinformasjon for Gulen kyrkjelege fellesråd

Gulen kyrkjekontor Eivindvikvegen 1119 5966 Eivindvik

Telefon til kyrkjeverje: 57 78 20 90 Epost: post@gulen.kyrkja.no