Bente har sagt opp si stilling som kyrkjeverje

Etter 7,5 år som dagleg leiar i Hareid sokn, sa Bente Andreassen Pilskog i januar 2025 opp si stilling. Ho hadde tre månader oppseiingstid. Sidan 1. desember 2017 har ho vore kyrkjeverje, men frå 28. april er ho altso klar for nye oppgåver, på romsenteret Andøya Space. Vi takkar Bente for innsatsen ho har lagt ned i arbeidet på Hareid og ønskjer ho lukke til vidare!

Bente sa opp si stilling som kyrkjeverje i januar 2025. Foto: Jørund Follestad
-For meg har det viktigaste i arbeidet som kyrkjeverje vore å få vere med og byggje kyrkje i lokalsamfunnet på Hareid - og knyte eit god samarbeid med kommunen, seier Bente.  -Det har vore eit givande arbeid og ansvar, fått samarbeidd med mykje flotte folk. Ho takkar for godt samarbeid med både tilsette i staben, fellesrådet/soknerådet og andre samfunnsaktørar.
 
-Eit nytt og ope kapittel ligg framføre meg når eg 28. april begynner i eit spennande engasjement hos Andøya Space, i stilling som driftsleiar for eigedom & infrastruktur, seier Andreassen Pilskog. -Eg gleder meg til å bidra i eit internasjonalt og spennande konsern på Andøya i Vesterålen, og flyttar/pendlar dit for ein periode i høve dette engasjementet. Eg finn motivasjon i nye utfordringar og har valt å gripe denne sjansen for å utvide horisonten. Det er heller ingen ulempe å få jobbe i heim-regionen min for ein periode, for eg er ein ekte nord-Noreg patriot.
 
OM ANDØYA SPACE:
Andøya Space er verdas nordlegaste permanente base for oppskyting av forskningsrakettar og framtidige satellittar. Per dags dato tilbyr dei tenestar innan atmosfæreforskning ved hjelp av rakettar, ballongar og bakkeinstrument. Andøya Space blei etablert i 1962 og er i dag ei bedrift som også har utvida sitt produkt- og tenestespekter som eigar av dotterselskap Andøya Space Defence, Andøya Space Education og Andøya Spaceport. Andøya Space er eit aksjeselskap der 10 % av aksjane blir eigd av Kongsberg Defence & Aerospace, og 90 % eigast av Nærings- og handelsdepartementet, som igjen forvaltes av Norsk romsenter.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Jostein Bildøy, kyrkjeverje 

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"