Bøn før gudstenestane i Hareid kyrkje

Kvar søndag når det gudsteneste i Hareid kyrkje, kan du vere med på ei fin bønestund i fellesskap med andre kl 10.00, på kyrkjekontoret. Vi er ferdig i god tid før gudstenesta startar kl 11.00, slik at du rekk begge deler om du vil. Denne stunda vert leia av fire personar på omgang, desse er Ole-Markus Pilskog, Irene Follestad Rise, Alfred og Catherine Duweh. Her kan du ta del på felles bøn, be høgt eller stilt inni deg - det velger du sjølv.

Ole-Markus Pilskog og Irene Follestad Rise vil gjerne at fleire skal ta del på bøn før gudstenestane i kyrkja. Dei møtast på kyrkjekontoret kl 10.00. Katherine og Alfred Duweh var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

No er tida for å be. Ikkje vent til i morgon, men be no, i dag. Ver med på den viktige tenesta. 

Kven ber vi for?
Saman kan vi be for kvarandre, for borna våre, for dei som ikkje kjenner Jesus, for dei som har det vondt, for institusjonane, for meir kjærleik, for at sanninga skal sette oss fri.

Vi legger gudstenesta, trusopplæringa, Hareid og omegn, landet vårt og verda i Gud sine hender. For Gud har gjort det tindrande klart i sitt ord. Han ønsker eit samarbeid med oss og seier at vi skal få, eller det skal skje, det vi ber om når det er etter hans vilje. 

Derfor møtast vi i fellesskap til bøn klokka 10 kvar søndag det er gudsteneste i Hareid kyrkje. Det vert lagt opp til at ein kan be i det stille eller at ein kan be høgt om ein vil det.

Vi held til på kyrkjekontoret og alle er velkomne til å vere med.

Matt. 18, 19-20: 
“Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.”

Kyrkjekontoret ligg på Rådhusplassen 6, bygninga ovanfor rådhuset, 
i 1. etg. i same bygg som NAV har kontor. Det er skilt på døra vår.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"