Dåpskjole til utlån-engasjement frå frivillige

I Hareid har vi veldig mange kjekke folk som er innom kyrkjekontoret og arbeidet til Frivilligsentralen som held til i same lokaler. Ei av dei flotte damene på hobbyklubben til Frivilligsentralen er positiv kvar gong kyrkjekontoret har ei utfordring til tjeneste der strikkepinnane kan brukast!

Dåpskjole til utlån-engasjement frå frivillige

Evy Volle Pettersen, har vakse opp i Ålesund, men med røter i Hareid kommune. Etter at ho fann kjærleiken på Hareid og flytta saman med Sverre Pettersen, har ho budd her. Hobbyklubben til Frivilligsentralen har vorte ein viktig del av livet til Evy og Sverre, noko som også er til glede for mange av dei andre som er innom. Då kyrkjekontoret kom med ideen om at vi kunne hatt ein dåpskjole til utlån var Evy den første vi tenkte på som kunne spørjast om hjelp. Og svaret kom momentant og med stor glede!
Gleda er absolutt på vår side og ikkje minst til dei som treng dåpskjole.

Mange har slike kjolar i familien og tidlegare hadde nokre butikkar også utleige av slike, men no kan det enkelt løysast dersom ein har behovet.

Tråd Kråa har sponsa tråden og den fantastisk flinke strikkedama, Evy Volle Pettersen, har på rekordtid strikka kjolen. Tusen hjarteleg takk!

Kjolen kan lånast frå kyrkjekontoret og må stellast etter behov, før den vert returnert.  

Ingen alder for dåp, sjølv om denne dåpskjolen nok passar 0-3 mnd. best.

Fleirtalet av innbyggjarane i Hareid ber fram borna sine til dåp i løpet første halve leveår. Men det er fullt mulig å kome seinare, ungdom og vaksne kan også finne ut at dei ynskjer dåpen i livet sitt. I Hareid tilbyr vi trusopplæring 0-18 år gjennom 24 ulike tiltak årlig. Dette er ope for både døypte og udøypte, men berre dei døypte kan vi sende personlig invitasjon til sidan dåpen er inngangen til medlemskapet i den norske kyrkja.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"