Kistegrav eller urnegrav?

Tradisjonelt har kistegravlegging vore vanleg, men antal kremasjonar med urnenedsetting er aukande. For heile landet velgast det kremasjon ved 44 % av dødsfalla. Den høgaste andel i Norden finn vi i Sverige og Danmark med 81 og 82 %. Vi har dei seinare åra fått stadig fleire på Sunnmøre som velg kremasjon.

Biletet viser urnefeltet på Hareid kyrkjegard, der første rad nesten er full. Foto: Hareid sokn

Hareid kyrkjegard fekk laga eit eige urnefelt då kyrkjegarden vart utvida for eindel år tilbake i tid. Dette feltet er tatt i bruk for dei som ønskjer ei grav der kun urner skal nedsettast. 

Kvar urnegrav på Hareid har 4 urneplassar. Men ein kan også sette ned urner på vanlege kistegraver, då er det plass med inntil 6 eller 8 urner i grava. Ei urne skal ikkje settjast ned så djupt som ei kiste, det er difor også plass til urner på vanlege kistegraver på Hareid kyrkjegard. Viss ein velger å sette ned ei urne i ei kistegrav, kan ein i ettertid kun sette ned urner (ikkje kiste etter urne) innan fredningstida på 20 år.

Krav til urnegrav følger av gravplassforskriften § 14:
Gravferdsloven § 14.Urnegrav

Urnegrav skal være minst 2,25 m​2 stor og deles opp i fire like store arealer som hver gir plass til en askeurne. På gravplass anlagt før 1. januar 1997 kan gravene ha de opprinnelige dimensjoner.

Askeurne skal gravlegges slik at den har minst 0,5 meter jordoverdekning og er omsluttet av jord på alle sider.

Når særlige forhold tilsier det, kan statsforvalteren fravike bestemmelsene i første ledd.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"