Å gifte seg er ei stor hending og mange vil gjerne dele bryllaupsdagen sin med flest mogleg, planlegge i god tid og lage stor fest. Det er fint. Andre har behov for noko litt mindre. Færre gjestar, mindre merksemd, færre utgifter og mindre styr. Det er også fint!
Uansett korleis ein vel å gjere det, handlar det om å gi kvarandre eit løfte om livslang truskap og kjærleik og få legge samlivet sitt framfor Gud i bøn.
I Hareid er det mogleg å gifte seg heile året, med akkurat så stor eller liten fest og så mange eller få gjestar du måtte ønskje. Så lenge du har gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret, ein å gifte deg med og to vitne er vi klare på relativt kort varsel.
Ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret, vi kan finne ulike løysingar som passar for dokke.