Gjenopning av kyrkja pr 16.04.2021

Dei nye nasjonale tiltaka gjer at vi no kan opne for inntil 100 pesonar i kyrkja, på faste tilviste plassar. Det vil seie at kyrkjevertane vil tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet i kyrkja (forutan ved nattverd). Vi må fylgje smittevernreglar og halde avstand, vere nøye med hygiene og at ein held seg heime dersom ein er sjuk eller har symptom på sjukdom. Dei nye reglane oppmodar til at ein ikkje samlar personar frå ulike kommunar, dette for å unngå smitte over kommunegrensene - vi ber difor om forståing for dette. Vi er takksam for igjen å kunne ønskje velkomen til kyrkje!

Gjenopning av kyrkja pr 16.04.2021

Dei nye smittevernreglane gjeld frå natt til 16. april og inntil vidare.

  • Inntil 100 personar på arrangement med faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane. Det oppmodast til 2 meter avstand ved fellessong.
    Bruk munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand.

  • Gudstenestane er no ope for deltakande i kyrkja. Etter håndvask/spriting av hender og registrering (navn, mobil og kommune), vil kyrkjevertane tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet (forutan ved nattverd).
    Ber om å møte i god til til kyrkje, slik at vi kan tilvise plassar på ein god måte. 
    Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
    Gudstenestane blir også direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.

  • Gravferder: Sjølv om vi no kan opne for inntil 100 personar i kyrkja, vil det likevel ikkje seie at det er plass til 100 personar på tilviste plassar, med gjeldande avstandskrav. Dette kjem heilt an på kor mange og kor store kohortar som tek del.
    Dialog mellom pårørande, gravferdsbyrå og oss på kyrkjekontoret er viktig for å tilpasse antal deltakarar. Vi treng deltakarliste frå dei pårørande seinast kl 15 dagen før gravferda, som er merka med kohortar, dette for å kunne førebu plass i kyrkja.
    Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
    Arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar bør fortsatt utsettast eller avlysast, men dette gjeld ikkje ved gravferd.

  • Vigslar og dåp kan gjennomførast etter gjeldande smittevernreglar. Vi tilrettelegg for dåp enten i eigen dåpsgudsteneste eller i den ordinære gudstenesta.

  • Barne- og ungdomsarbeid kan gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.
    .
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"