Nyttårsgudsteneste i Hareid kyrkje kl 21.00

Velkomen til felles nyttårsgudsteneste for Hareid & Ulstein - på nyttårsaftan i HAREID KYRKJE kl 21.00 v/Jørgen Skogestad Kleiven. Lidvar Grimstad trakterer kyrkjeorgelet. Gudstenesta vil vere ferdig i god tid innan Hareid kommune/Hareid næringsforum/Hareid IL skal ha "felles fyrverkeri" kl 22.00 frå moloen. Slik at dei som ønskjer det kan ta del på begge arrangementa. Ønskjer alle eit velsigna og godt nytt år!

"I dette hus er himmelen tilstede og paradisets dører står på klem. For dette er et hellig sted på jorden og den som kommer hit er kommet hjem" (Kristin Solli Schøyen)

Her fann vi vår glede.
Her gret vi oss glad.

Vårt  møte med Gud
er eit audmjukt – ja.

Lytt no – og høyr
denne heilage sus:
Herren gjestar
sitt eige hus.

Hit kom vi med von.
Her bad vi i tru.
Den audmjuke bøn
er vår himmelbru.

Men sjå det Guds Lam som heng på ein kross!
Det er Guds bruspenn
frå honom til oss!

Så sagde Herren!
Så seier Herrer -
høyr det i tru -: Bygg meg ein heilagdom,
bygg meg eit tempel
så eg kan mellom dykk bu!

Etter Guds vilje
bygde vi eit tempel opp frå det jordiske grus.
Så seier Herren:
Salve min tenar –
vigsle mitt hus!

Her kom det fedrar.
Hit kjem det søner.
Hit kjem ho mor…

Gråtkjøvde sukkar,
her fann dei ord.

Hit kom ho, stilla,
her steig det salmar.
Herren kom ned.
Heilage malmar
vigsla vår kvile.
Her var det fred…

Di evige sjel
høyrer Herren til

Så skal du vandre
som Herren vil.

Guds nåde og smil
er di einaste trøyst.
Så du skal fylgje
ditt samvits røyst.

Guds kjærleik til oss
er ovleg stor.

Så skal du linne
all naud på jord.

Den audmjuke bøn
er vår himmelbru.
Bed difor til Gud
med von og tru!

Tak mot Guds Lam
som heng på ein kross,
for det er Guds bruspenn
frå honom til oss!

«Prolog i høve 75-års kyrkjejubileet i Hareid 14. desember 1952»
v/Johan H. Grimstad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"