Hareid kyrkje opnast igjen

Hareid kyrkje har vore stengt i omlag tre månader grunna renovering, og det er med glede vi tek i bruk kyrkja igjen måndag 26. august.

Hareid kyrkje opnast igjen 26. august 2019, med eit renovert kyrkjerom. Vi gleder oss og takkar for tålmod med ei stengt kyrkje i sommar. Foto: Hareid sokn

No er kyrkjeromet ferdig renovert, det vil seie nytt golv i kyrkjeromet, golv i koret er mala, gamalt elektrisk system er skifta ut og ledningar ligg no skjult i golvet, nye varmomnar/konvektorar er satt inn med varmestyring ut frå aktivitet i kyrkja, ytterdørene er utbetra med nye lister og pakningar slik at dei ikkje lekk så mykje varme som før, samt råteskader i nokre dører er reparert. Det er også gjort utbetringar på nokre vannrør og isolering, slik at vi til vinteren slepp at vatnet frys i prestesakristiet.

Det er mykje tekniske installasjonar i eit teknisk rom ved redskapshuset ovanfor kyrkja, samt to installasjonar som førebels står utandørs. Desse vil snart bli innebygd i høve eit lite tilbygg på redskapshuset.

Innvendig inngangspartiet skal også få eit løft
Hareid kyrkje er listeført som verneverdig. Riksantikvar og biskop ville ikkje tilråde tilbygg på kyrkja, difor valte vi å lytte til desse fagråda og heller gå for ei ombygging av eksisterande inngangsparti som blei anbefalt.
Så i forlenging av renoveringsarbeidet skal også kyrkja sitt innvendige inngangsparti ombyggast, slik at vi får eit nytt toalett inne i kyrkja på eitt golvplan og universelt utforma så langt det let seg gjere i ei kyrkje frå 1877. Areala til dei gamle toaletta må nyttast for å få til dette. 

I tillegg får vi eit bøttekott med ein utslagsvask i høve reinhaldsarbeid i kyrkja, samt litt lagringsplass til bord og stolar. Dette arbeidet blir starta opp i oktober. Då skal ikkje kyrkja stengast, men brukast parallelt med at arbeidet pågår, sidan dette arbeidet skjer i sidepartia til våpenhuset. Golvet i våpenhus skal ikkje skiftast ut.

Dåpssakristiet er eit tilbygg til den opprinnelege kyrkja, og vi fekk difor godkjenning til å lage ein kjøkkenkrok i dåpssakristiet - som allereie kom på plass tidlegare i år.

Første gudsteneste etter renovering
1. september blir fyrste gudsteneste i kyrkja etter renoveringa, v/sokneprest i Hareid Lars Hartig-Tangedal. Det blir kyrkjekaffi og høve til å førehandsrøyste ved Kyrkjevalet.
Les meir: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/kyrkjeval%20og%20førehandsrøysting/

Takk til dei som har jobba med prosjektet sålangt
Det blir ei glede å ta i bruk kyrkja igjen etter omlag tre månader med renovering. Vi takkar alle som har jobba for å få til dette flotte resultatet sålangt, og det er ikkje få som har samhandla. Her kan nemnast Hareid kommune og prosjektleiar, Hareid kyrkjelege fellesråd og kyrkje- og kyrkjegardsutvalet i Hareid sokn, Biskop, Riksantikvar, Kirkerådet, arkeolog, entreprenørar og staben i Hareid sokn.

Vi takkar alle for tålmod med ei stengt kyrkje, og gleder oss til å ta i bruk folkekyrkja i Hareid.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"