Hareid kyrkjeakademi – eit nytt tilbod på Hareid

Hareid kyrkjeakademi er etablert som medlem i organisasjonen Norske kirkeakademi (NKA). Det er undervisningsutvalet i Hareid sokn som har teke initiativ til oppstart av kyrkjeakademi i Hareid.

Hareid kyrkjeakademi kjem med eit nytt og spennande tilbod i Hareid. Det blir ulike samlingar med innhald som kan gi oss noko ekstra på livsvegen. I styret sitt, frå ventre; Kjartan Leer-Salvesen, Barbro Landmark (kasserar), Elisabeth Grimstad Kirkebø, Vibeke Holstad (nestleiar), Hege Tretnes (leiar). Kristian Fugleseth og Bente Andreassen Pilskog (vara) var ikkje tilstades då biletet blei tatt.
PROGRAM HAUSTEN 2018:
  • 14.06.18 kl 20.00: Middelalderkveld i Hareid kyrkje, presentasjon v/arkeolog Arve Eiken Nytun, song v/Sirene, songgruppe Bigset Blandakor, kunstnar Arnfinn Mork-Stordal.
  • 27.09.18 kl 19.00:"Hva vil folk si?" Viser filmen og Nancy Herz innleiar til samtale etterpå.
  • 13.11.18 kl 19.30: "Viss det ikkje var for kjærleiken". Forfattar Marit Kaldhol held foredrag om Leonard Cohen sitt liv og tekstar.

 

Norsk kyrkjeakademi er ei rørsle som tek kyrkja sitt kulturansvar på alvor. Eit forumfor fordjupning og meiningsbrytning om dei evige spørsmål så vel som dei tidsaktuelle problem i kultur og samfunnsliv. Det er og ein fristadsom fremjar dialog og kommunikasjon mellom kyrkja og grupper innan kultur og samfunnsliv, og der mennesker kan møte respekt for eigen ståstad.

-Målet er å invitere til to samlingar pr. semester, med ulikt innhald som kan gi oss noko på livsvegen, seier leiar i Hareid kyrkjeakademi, Hege Tretnes. -Vi har mange tilbod i Hareid, både for unge og eldre, men vi håper at dette kan vere ein positiv tilvekst. Vi har erfart at trusopplæringstiltaka våre har samla veldig mykje born og ungdom dei siste 10 åra, og at også foreldre og familiane elles deltek på ting ilag. Dette ynskjer vi å bygge vidare på med dette tilbodet, seier Hege Tretnes.

Kyrkjeakademiet rettar seg mot vaksne, men har ingen aldersgrenser anna enn at dei ulike tema vil kanskje naturleg rette seg mot ulike aldersgrupper. Første samling har fokus på den nære kulturhistorie med ein middelalderkveld i Hareid kyrkje der vi får høyre noko om historia til kyrkjegarden og tradisjonen tilbake til middelalderen.

-Til hausten vil vi sette fokus på heilt andre ting. I slutten av september vil vi ha fokus på dialog og forståing med andre kulturar og religionar. Vi inviterer til filmkveld og vil vise filmen «Hva vil folk si» av Iram Haq. Denne kvelden vil Nancy Herz vere med oss og leie samtalen i etterkant av filmen. I november vil Marit Kaldhol, forfattar og lang erfaring med kyrkjeakademi i Bogund, vitje oss med føredraget «Viss det ikkje var for kjærleiken», om Leonard Cohen sitt liv og tekster. Mykje å glede seg til, avslutter Hege Tretnes.

Dei overordna målsetjingane:

  • NKA er eit organ for samarbeid mellom kyrkjeakademia i Norge. NKA fremjar samarbeid mellom tilsvarande institusjoner i andre land og arbeider for økumenisk fellesskap mellom kyrkjesamfunn.
  • NKA tek også initiativ til prosjekt, konferanser og andre tiltak som er i rørsla si ånd. Det er 70 ulike akademi fordelt over heile landet, 4 av dei ligg i Møre bispedømme der Hareid vert det femte og foreløpig siste tilskotet i organisasjonen.

Formål og arbeidsformer:
Hareid kyrkjeakademi er eit forum som ut frå kristen tru vil arbeide med
grunnleggande og aktuelle problemstillingar i kyrkje-, kultur-, og samfunnsliv.
Dette formål søkjer Hareid kyrkjeakademi å gjere verkeleg gjennom

a) å bidra til dialog mellom forskjellige grupper av menneske
b) å skape møteplasser for fordjuping og meiningsbrytning om evige spørsmål så vel som tidsaktuelle utfordringar
c) å muliggjere opne samtaler med rom for innsikt, engasjement og kritikk

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"