I alterskåpet i Hareid kyrkje er der ein liten leddik. Den blei funnen inne i kyrkjemuren ved eit høve i den tida Lauritz Grimstad var medhjelpar i kyrkja, 1922-1972. Mest truleg var det rundt 1951 då nytt golv vart lagt i kyrkja.
Opp i ledikken var det "støv" av det som truleg var eit lite foster eller barn. Truleg er det ei ung jente som har abortert eller fortidlegfødd, og som ville at barnet skulle kome i kristna jord, men som ikkje torde å gjere det offentleg.
"Støvet" vart mest sannsynleg lagt i ei grav i høve ei anna gravferd (slik det var vanleg på den tida), medan leddiken står i alterskapet.
Historieboka kjem vi tilbake til seinare, men planen er utgjeving hausten 2023.
Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen og utgjevar er Hareid Historielag.
Midlar til prosjektet kjem frå fleire, mellom anna Hareid historielag, Sparebanken Møre, Møre bispedøme, Hareid kyrkjelege fellesråd og Hareid kommune.