Program for jul og nyttår i Hareid kyrkje

Vi ynskjer å legge til rette for best mogleg opplevingar frå kyrkja si side denne jula også, til tross for restriksjonar når det gjeld fysisk oppmøte i kyrkjerommet. Vi kan ta inn 50 personar + aktørar til kvar gudsteneste eller arrangement vi har, og treng derfor påmelding (namn, mobilnummer og bustadkommune).

Hareid kyrkje i vinterlandskap. Foto: Anvor Sukka

Alle som ynskjer plass på gudstenester i kyrkja kan ta kontakt med kyrkjekontoret; tlf.70 09 51 30 / 97 61 20 86 eller sende melding via Facebook-sida til Hareid kyrkje. Vi oppdaterer etter kvart som gudstenestene vert fullteikna og tilbyr plass på ei gudsteneste det er ledig.

PROGRAM:

Digital «Vi syng og spelar jula inn 2020»
I år blir «Vi syng og spel jula inn 2020» lagt ut som ei jule-musikk-andakt på Hareid kyrkje si Facebook-side. Å samle korps og kor, som er kjenneteiknet til «Vi syng å spel jula inn» er ikkje mogleg i kyrkja med maksgrense på 50 personar.
I staden blir det lagt ut digitalt frå kyrkja der vi har spelt inn julesongar og musikk frå VI-koret, Barnekantoriet, Corsonus og Musikklaget Melshorn. Det blir også juletankar ved Stein Karstensen. Konserten blir lagt ut på Hareid kyrkje si Facebookside. Denne musikk-andakten blir liggande ute til 31.12.2020.

Søndag 20. desember kl 11.00 - Gudsteneste Hadartun
Gudsteneste i Vinterhagen på Hadartun, med Lidvar Grimstad og Lars Hartig-Tangedal. Anvor Sukka tek del med fiolin. (Denne dagen er det altso ikkje gudsteneste i kyrkja)

Søndag 20. desember kl 16.00 - Samsynging ute på kyrkjetrappa
Samsynging av «Deilig er jorden» på kyrkjetrappa utandørs. Vi har med oss den ferske kulturprisvinnaren, Arild Grimstad, til å finne rette tonen og dirigerer "koret" (dei frammøtte).
Biskopen i Møre har sendt ut ynskje om at "heile verda" skal synge inn jula på same tidspunkt! Ho oppfordrar alle om å opne døra, vindauget eller gå ut i samla flokk (med avstand) å synge "Deilig er jorden" på same tidspunkt, altso søndag 20. desember kl 1600.
PS: Vert streama på facebook.

Måndag 21. desember kl. 18 og 21 «Min favoritt» konsert i kyrkja. 
UTSOLGT! Vi kan diverre ikkje streame konserten.


Julaftan 24. desember har vi 3 gudstenester i kyrkja:

Gudsteneste kl. 13:00 med Ida Teige og Barbro Landmark, særskilt tilrettelagt for barnefamilier. Song av Toril Oda Ringstad og Kristin Leirbekk Husøy. Dramatisering av juleevangeliet. (Streamast på Hareid kyrkje si Facebook-side)

Gudsteneste kl. 14:30 med Ida Teige og Lars Hartig-Tangedal. Barnekantoriet og Liv Ellen Overå tek del med song. Vibeke Rafteseth spelar kornett. (Overførast til Hadartun)

Gudsteneste kl. 16:00 med Ida Teige og Lars Hartig-Tangedal. Song av Liv Ellen Overå. Unni R. Apelseth og Invill Kirkebø spelar kornett. (Streamast på Hareid kyrkje si Facebook-side)

Offer i alle tre gudstenestene går til Kirkens Nødhjelp, VIPPS til 16290 og merk med «KN2412»


Julaftan 24. desember: Andakter i Vinterhagen på Hadartun

kl 11.00 v/Ida Teige og Lars Hartig-Tangedal. Song v/Emilie Liaset-Eriksen.
kl 12.00 v/Olav Egge Brandal og Lars Hartig-Tangedal.


1. juledag 25. desember kl 11:00 i kyrkja
Gudsteneste med Ida Teige og Lars Hartig-Tangedal. Blåsegruppe frå Hjørungavåg Brass. Solosong ved Ole Martin Øyehol. Offer til Norsk kyrkje i utlandet, VIPPS til 16290 og merk med «25.12.»(Streamast på Hareid kyrkje si Facebook-side)

3. juledag  27. desember kl 11:00 i kyrkja 
Gudsteneste med Olav Egge Brandal og Lars Hartig-Tangedal. Song v/Sofie Gjerde Tonev.  (Overførast til Hadartun)

Nyttårsafta 31. desember kl 21:00 i kyrkja
Gudsteneste med Olav Egge Brandal og Leidulv Ø.Grimstad. Song v/syskena Vegard, Dagny Karin og Guro Topphol.
(Streamast på Hareid kyrkje si Facebook-side)

Første gudsteneste i 2021 er i Hareid kyrkje søndag 10. januar kl 11.00.

Namnelistane er eit pålegg frå myndigheitene for ei eventuell smittesporing. Lista blir sletta etter 14 dagar.

Kontaktinfo.:
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon: 70 09 51 30
Følg oss gjerne på Facebook eller Instagram "Hareid kyrkje".

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"