Julehelsing frå soknepresten

Å feire jul er å ha Jesus i sentrum og då er det naturleg at også kyrkja er i sentrum. Vi er svært takksam for ein aktiv kyrkjelyd og for deltaking på alle dei ulike aktivitetane i vår folkekyrkje på Hareid gjennom heile 2018. Fellesskapet styrkjer både den einskilde og kyrkjelyden. Vel møtt til kyrkje!

Julehelsing frå sokneprest Leidulv Ø. Grimstad

Julehøgtida
I ein av våre vakre julesongar heiter det: Nå vandrer frå hver en verdenskrok i ånden frem. Et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem.

Jula er den sterkaste markering for kristendommen vi har, sjølv om påska er den avgjerande. Mitt ynskje som sokneprest i Hareid er at det ikkje berre er i «ånden frem»  at vi går mot Betlehem og krybba, men også fysisk. Å vere saman og samlast omkring vår Frelsars fødsel i Guds hus gjer oss til eit folk. Viktigheita av å vere under Guds velsigning i  kyrkja saman med kvarandre, er kanskje ein skatt eller verdi som ikkje ein alltid er klar over.

Kvifor gjekk Jesus regelmessig til synagoga eller tempelet?  Hos Matteus står det: Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste. Eller hos Lukas: Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han. Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Mitt ynskje for det nye året er at det skal vere eit nådeår for oss, og at vi saman følgjer Jesu eksempel: «Då det vart søndag gjekk han til kyrkje, som han brukte å gjere». 

God jul og eit velsigna nytt nådeår frå Herren.

    - - -

Overføring til Hadartun
Soknet satsar på å overføre alle gudstenestene frå kyrkja til Hadartun i høve jul og nyttår. Inntil vidare er det framleis den gamle og ustabile løysinga, som ikkje er holdbar i lengda - men som er den løysinga vi førebels kan tilby.

Gudstenester juleaftan, første juledag og nyttårsaftan
Julaftan er det først julesamling på Hadartun, her skal Emilie Liaset-Eriksen synge, og så to gudstenester i kyrkja før jula blir ringt inn. Då skal alle klokker kime.
På første gudstenesta julaftan vert Barnekantoriet og Kristin Karstensen Liavåg på fløyte, med.
På andre er Liv Ellen Overå, Ragnhild Holstad, Kristin Karstensen Liavåg på fløyte, og Truls Håbakk medverkande. Truls Håbakk avsluttar gudstenesta med «O helga natt». Ein betre inngong til julekvelden finns vel ikkje?

Første juledag er det høgtidsgudsteneste i kyrkja, og i år er det Hjørungavåg Brass som skal stemme i med salmen «Fra fjord og fjære» til opning. Desse gudstenestane er v/Leidulv Ø. Grimstad og Ida Teige.

Nyttårsaftan er det kveldsgudsteneste v/Jørgen Skogestad Kleiven og Ida Teige. Vegard Topphol blir med på saksofon, og med salmen «Det er godt å vera stille» til ro og ettertanke – før det nye året tek til.

Familiejulefest
Søndag 30. desember kl 16.00 inviterer vi alle til familiejulefest på Hareid bedehus. VI har eit fint og enkelt program, litt å bite i, juletregang og trekning. Alle vil få eit lodd i handa når dei kjem og dette kan trekkast plutselig i programmet, så det gjeld å halde seg klar på plassen sin og sjekke om ein vinn. VI-koret vil synge for oss, Marita Husøy Mork vil halde andakt, det vert leik, allsong og song av 5 ulike flinke jenter. Vi skal ikkje halde på lenger enn at det fortsatt er kjekt når det heile er over. Ta gjerne med deg heile storfamilia og kom!

Gudsteneste er kjekt og viktig for alle aldrar
Kyrkjekontoret fekk eit sitat frå ei 12 år gamal skulejente på Hareid i høve julegudstenesta for barneskulen tidlegare denne veka: «Når eg har vore på julegudsteneste i kyrkja saman med venane mine frå skulen, først då kjem eg i julestemning».
Med desse orda vil vi i Hareid sokn få ønskje alle ei god jul og eit velsigna nytt år!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"