Konsert "Min bønn" i Hareid kyrkje

28. februar kl. 19.30 blir det konsert med Venche Leite og Geir Helge Ådneram i Hareid kyrkje. Billettsal i døra (kr. 200,-). Vi voner mange vil ta turen til ei vakkert pynta og lyssett kyrkje denne onsdagskvelden i februar.

Venche Leite  (vokal)og Geir Helge Ådneram (piano)vil gi oss ein fin konsert med deira tolking av vakre salmar og ulike songar dei har eit nært forhold til.

Venche Leite har gjennom ei årrekke arrangert ulike konsertar i heimekommunen, Ørsta. I tillegg er ho ofte nytta som solist i både gravferder, bryllup og gudstenester, men også på andre tilstellingar, som freelancemusikar. Ho skal også i desse dagar starte barnekor på Vartdalstranda.

På konserten får vi høyre henne tolke vakre salmar og ulike songar ho har eit nært forhold til. Venche har også sjølvskriven musikk på repertoaret og vi får blandt anna høyre «Den største gåva», «Tilgi meg» og hennar omsetting av den kjende «The prayer» («Min Bønn)

Med seg på konserten har Venche med den dyktige pianisten Geir Helge Ådneram og dei to jentene hans, Lina og Lovise Ådneram.

Jentene er musikalsk aktive og syng både med Soul Children og i jentekoret «Desibelle»

Geir Helge har drive med musikk heile livet. Han har undervist ved kulturskulen i Lyngdal, studerte musikk i Oslo, og har vore pianist for ulike kor og solistar

Har også vore musikar på studioproduksjonar med eige band, ulike kor og artistar.

Venche har arrangert konsert i Hareid kyrkje tidlegare og tilbakemeldingane har vore gode.

Ho ynskjer eit varmt velkommen, og voner mange vil ta turen til ei vakkert pynta og lyssett kyrkje denne onsdagskvelden i februar.

Konserten startar kl. 1930, og der er billettsal (à 200,-) ved døra. Born under 12 år er gratis.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"