Konsert 27. april på Hjørungsvåg skule

Laurdag den 27. april kl. 15.00. er Hareid Barnekantori klare for konsert på Hjørungavåg skule. Koret skal framføre eit syngespel som heiter «Å, så vakkert» av Hans Inge Fagervik. Songane handlar om at vi må ta vare på det Gud skapte, vi må ta vare på både jorda vår og kvarandre. Her er alt frå stille vare songar til rapp! Songane er knytt saman av korte tekstar, som nokre av koristane les. Borna har hovudrollene som solistar og alle dei andre rollene. Vi er så heldige at vi har fått med oss sjølvaste Roy-André «Zvor» Øvrelid, som er kjend frå bandet Kontrollert Kaos. Han skal vere med som solist på ein skikkeleg rapp ilag med koret, og vil også framføre ein av sine eigne låtar. Dette gler vi oss veldig til!!

Konsert 27. april på Hjørungsvåg skule

Etter konserten vil vi ha trekning av loddbøkene vi har seldt. Der er mange flotte gevinstar, det vil sjølvsagt bli anledning til å kjøpe lodd for dei som enno ikkje har fått gjordt det!

Dei vaksne betaler inngangsbillett, og borna går gratis. Iløpet av konserten blir det også servert mat: mykje gode kaker, sveler, vafler mm.

Hareid kyrkjelyd har ein misjonsavtale med Det Norske Misjonssselskapet om å støtte eit prosjekt i Thailand. Dette er eit prosjekt som hjelper fattige born og unge til å få eit betre liv. Vi sender pengar slik at NMS kan drive  både barneheim, skular og hjelp til heimane. Ein del av inntektene på konserten vil gå til dette prosjektet!

Så håper vi mange tek turen til Hjørungavåg denne laurdagen! Vi skal ha konsertlokale og mat klare til innrykk.
Velkomne!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"