Kyrkja og opne rom i tida framover

Kyrkjekontoret er stengt for besøkande, gudstenester og andre arrangement i kyrkja er avlyst fram til påske.

Kyrkja og opne rom i tida framover

Det er krevjande og usikre tider no, og ingen som klart kan seie korleis dette vil verte etter tidsfristar som no er sett. Vi vil oppdatere informasjon etterkvart som det kjem endringar.

For tida arbeider vi med å finne løysningar for korleis møte folk med påskebodskapen dersom kyrkja og Hadartun fortsatt vert stengt for større forsamlingar. Vi arbeider bl.a. med digitale løysningar for forenkla gudstenester.

DÅP
Dei som har avtalt dåp framover har tilbod om eigen dåpsgudsteneste med næraste familie til stades. Desse vil bli kontakta direkte av prest.
Slik tilrettelegg vi for dåp fortløpande. Ta kontakt med oss som tidlegare i høve dåp.

GRAVFERD
Gravferder vert gjennomført med kun næraste etterlatte til stades. Viktig at alle respekterer dette, og heller viser si omsorg på andre måtar enn å møte til gravferdsseremoni. Kun inviterte kan møte til seremoni.

FASTEAKSJONEN
Fasteaksjonen med konfirmantane vert 100% digital og det vert lagt ut informajson og innsamling på facebook.

KONFIRMASJON
Konfirmasjonane i mai vert mest sansynleg ikkje gjennomført som planlagt, og vi arbeider med ulike planar for dette. Vi håpar i løpet av veka å finne gode løysningar som kan fungere for alle.

 

Nokon vil kjenne på einsemd i desse tider, meir enn vanleg, dersom du treng nokon å snakke med er det mulig frå kyrkja lokalt her, men også Kirkens SOS er tilgjengeleg som vanleg.

Du når kyrkjeleg tilsette på kyrkja sin facebook eller personlig messenger til den du treng.

Lars prest kan du nå på tlf. 99787199
Barbro kyrkjelydspedagog kan du nå på tlf. 92090174
Dagleg leiar Hareid frivilligsentral, Heidi Pedersen Kvalsvik: 41930282
Bente kyrkjeverje kan du nå på tlf. 97612086

Vi følgjer folkehelseinstituttet sine råd, samt lokale anbefalingar og påbod.

Siste nytt om korona-viruset på Hareid kommune si heimeside: https://www.hareid.kommune.no/fokusnyhende/fa-siste-nytt-om-koronaviruset-og-status-i-hareid-kommune.86158.aspx

Les meir på Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"