Kyrkjeklokkene i Hareid vil ringe kvar laurdag kl 1700

Vi er vande med at kyrkjeklokkene ringer søndagar i høve gudsteneste i kyrkja. No i denne spesielle tida er det ikkje gudstenester i kyrkja, og vi vil difor ringe inn helga kvar laurdag kl 17.00. Vi ønskjer med dette å synleggjere kyrkja sitt nærvær i lokalsamfunnet, der vi ønskjer å vere tilstade for innbyggarane på ulike måtar.

Kvar laurdag kl 1700 vil kyrkjeklokkene ringe helga inn (etter oppmoding frå kyrkja sentralt).

Mellom anna kvar søndag formiddag kl 10, legg vi ut ei gudsteneste frå Hareid kyrkje på vår facebookside. Vi feirar gudsteneste, saman kvar for oss, der vi er.

Påska
Også i påska vil vi feire gudsteneste, både skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag, følg oss på Facebook. Det vil som vanleg bli høgtidsringing med kyrkjeklokkene påskeaftan frå Hareid kyrkje kl 17-18.

Dåp
Enkelte søndagar vil det og vere tilrettelagt for dåp i kyrkja, men kun for den enkelte dåpsfamilie grunna korona-situasjonen.

Opa kyrkje kvar torsdag kl 12-14
Kvar torsdag kl 12-14 er det opa kyrkje dersom du vil ha ei stille stund i kyrkja, tenne eit lys, eller snakke med nokon – ein kyrkjeleg tilsett vil vere tilstades i dette tidsrommet.

Ulike digitale aktivitetar 
Elles inviterar vi til ulike aktivitetar på vår Facebookside gjennom veka, for både barn og vaksne.

NRK har gudsteneste kvar søndag kl 1100
Vi oppmodar også å følgje NRK si gudsteneste kvar søndag kl 11.00 på både tv, radio og nett. NRK sender og dei store høgtidsgudstenestene på tv, radio og nett.

 

Gravferd
Gravferder vert gjennomført med kun næraste etterlatte til stades. Viktig at alle respekterer dette, og heller viser si omsorg på andre måtar enn å møte til gravferdsseremoni. Kun inviterte kan møte til seremoni.


Konfirmasjon
Konfirmasjonane i mai vert utsett til siste helga i august. Her kan det kome endringar i høve korona-situasjonen.

Samtaletilbod
Nokon vil kjenne på einsemd i desse tider, meir enn vanleg, dersom du treng nokon å snakke med har desse personane tid og rom for å lytte. Dei har også teieplikt. Dersom du ikkje får svar, send ei tekstmelding, so ringer dei opp igjen:

Lars Hartig-Tangedal, sokneprest i Hareid, mobil 997 87 199
Barbro Landmark, kyrkjelydspedagog i Hareid, mobil 920 90 174
Heidi Pedersen Kvalsvik, dagleg leiar Hareid frivilligsentral, mobil 419 30 282


Andre samtaletilbod

Kirkens SOS tilgjengelig heile døgnet på telefon 22 40 00 40.
Alarmtelefonen for barn og unge – 116 111 – er døgnopen under koronakrisa.
Mental Helse si hjelpetelefon – 116 123 – er open heile døgnet.

Hareid sokn følgjer folkehelseinstituttet sine råd, samt lokale anbefalingar og påbod.

Siste nytt om korona-viruset på Hareid kommune si heimeside: https://www.hareid.kommune.no/fokusnyhende/fa-siste-nytt-om-koronaviruset-og-status-i-hareid-kommune.86158.aspx

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"