Saman er vi sterke

Vi deler ei tid som vi ikkje ante ville kome, og som vi heller ikkje veit konsekvensen av. Mange kjenner på saknet av manglande møtepunkt, andre lever omlag som før, - for det meste aleine. Det er mange som har lagt planar og idear om fellesskap på vent ei stund, og heldigvis har vi signal på at mange gler seg til at møteplassar igjen skal verte opne.

Kyrkjelydshuset i vårsola. Foto: Hareid sokn

Ein av desse møteplassane er kyrkjelydshuset midt i Hareid sentrum. Frå nyttår har vi teke huset i bruk med møteplassar for den eine gruppa etter den andre. Det viste seg å vere suksess både med vaffelmandag og onsdagsmiddag! Det er veldig gledelig! Og minst like gledelig er det at folk ikkje har vore tunge å be om å vere med som frivillige i dei ulike prosjekta.

Utleigeverksemd skal vere som før, til mange ulike formål; minnesamvær, korkafe, konsertar og øvingar mm. Huset har blitt fylt med lys, liv og latter mange dagar i veka! 

So sit vi her; på vent, medan usikre tider møter alle som eig eit hus og er avhengige av inntekter for å overleve. Det gjeld både private og offentlege. Mange slit og fleire vil slite. 

Då er det veldig godt å vite at mange set pris på det som er gjort, og vil støtte opp om huset både økonomisk og med dugnad! Vi skal kome sterkare tilbake og fylle huset med lys, liv og latter, både seint og tidleg! Frivilligsentralen sine lokaler er snart ferdig. Her har iherdige dugnadsfolk arbeidd i einsemd, eller tosemd den siste tida og fått mykje på plass.

Huset kan leigast til selskap for unge og eldre, konfirmasjon, festdagar, minnesamvær, konsertar og kor-kafear. Ja, vi har heilt sikkert ikkje sett alle muligheitene enda! 

I trusopplæringa har fleire tiltak flytta inn i huset og det har gjort ting mykje enklare for fleire. Nye ting kjem til hausten! Det er berre å følge med!

TUSEN TAKK TIL ALLE FRIVILLIGE:
Totalrenovering av peisestova som skal bli aktivitetsrom for Frivilligsentralen på kyrkjelydshuset, kjøkenkrok og golv blir sponsa av overskot frå Brukt & Billig-butikken. Dei sponsar også oppussinga av eit møterom og etter kvart litt møblar. Hovudkjøkkenet på huset er montert på dugnad, og er levert frå Hadarhus etter innsamla midlar frå kyrkjelyden. Og den nyrenoverte scena i storesalen kan vi takke karane i HAFEST for. Mykje godt kan skje når fleire gode krefter går saman! 


 

 

Tusen takk
Dei siste vekene har vi hatt gleda av å samarbeide med mange flinke folk i Hareid. Resultatet har vore å finne på facebook-sida vår, der vi har lagt ut både gudstenester og påskevandring.  Tusen takk for all velvilje og flott innsats frå både musikarar, songarar, tekstlesarar og alle andre.
Vi ynskjer alle ei god påske!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"