På veg mot kyrkjelydshus

Hareid bedehus ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Hareid sokn har fått tilbod om å ta over Hareid bedehus for å nytte det til kyrkjelydshus, noko Hareid kyrkjelege fellesråd har vedtatt å gå vidare med. Nøyaktig tidspunkt for overtaking er ikkje avtalt. Føresetnader som til dømes reguleringsplan må godkjennast av kommunen først, då det forutsett at det skal byggast kontorfløy til eksisterande bygg - for å ha kyrkjekontor i same bygning som kyrkjelydshus.

Hareid bedehus er gitt som gåve til Hareid sokn for å kunne nyttast som kyrkjelydshus. Teikninga viser påbyggd kontorfløy til kyrkjekontoret. Illustrasjon: Bucci v/Georg Grimstad

Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus blir ein møteplass open for alle – og vil bidra til å skape eit meir levande sentrum, noko som det jobbast med i Hareid kommune.

Dei andre aktivitetane som allereie er på bedehuset vil sjølvsagt også få tilgang, mellom anna KFUK/KFUM som driv Speidaren, Ten Sing og Tweens, samt andre korps- og korøvingar.
Eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus kan leigast ut til andre ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær gravferd, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det. Vår overtaking av bedehuset vil sikre ei oppgradering av eksisterande bygg og vedlikehald av bygget som er ein sentral del av sentrum. Ikkje minst vil det vere ein driftsorganisasjon på plass, ved at Hareid sokn aktivt tar huset i bruk gjennom heile året.

Ny kontorfløy
Ein føresetnad for å overta bedehuset til kyrkjelydshus, må vere at det i planlegginga medreknast eit nytt tilbygg til kontor for dei tilsette. I dag leiger Hareid sokn kontorlokaler på Rådhusplassen. Egna kontorplassar vil ikkje kunne stettast i eksisterande bedehus. I tillegg må det gjerast tiltak for å få bygget i ein betre tilstand.

Hareid sokn bygger stein for stein
Soknet har eit omfattande tilbod for barn og unge som femnar alle årstrinn frå 0-18 år. Delar av dette arbeidet kan med fordel flyttast til eit meir egna lokale i mange samanheng, til dømes bedehuset. Det er utfordrande å utvikle aktivitetar og nye tiltak i kyrkja, men i eit eventuelt kyrkjelydshus vil ein kunne samle fleire av tiltaka under same tak og kanskje utvide og invitere til nye tiltak. Kyrkja vil framleis nyttast til aktivitetar i kombinasjon med eit kyrkjelydshus.

Frivilligsentralen vår
Hareid Frivilligsentral vert eigd av Hareid sokn, har og mange aktivitetar som går føre seg i dagens kontorlokaler. Aktivitetane er både på dag- og kveldstid. Frivilligsentralen skulle gjerne hatt meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid kommune. Det vil og vere ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig butikken som drivast av Frivilligsentralen, og som ligg like ved bedehuset.


Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"