Kyrkjeverje/dagleg leiar i Hareid sokn
100 % fast stilling
Søknadsfrist: 4. mars 2025
Ønskeleg tiltreding: Etter avtale
Ønskjer du ein sentral og spennande leiarjobb i kyrkja?
Hareid kyrkjelege fellesråd søkjer etter kyrkjeverje i 100 % stilling. Vi søkjer ein person med erfaring og engasjement til å leie og vidareutvikle arbeidet til kyrkja i Hareid sokn.
Som kyrkjeverje får du ein viktig og meiningsfull leiarjobb med breidde i ansvarsområde og store moglegheiter for å påverke og prege. Hareid er ein kommune på Sunnmøre med omlag 5300 innbyggjarar, der om 70 % av innbyggjarane er medlem i Den norske kyrkja. Vi har tru på at den rette kyrkjeverja kan inspirere og skape engasjement mellom dei tilsette, frivillige og kyrkjelyd.
Hareid kyrkjelege fellesråd har arbeidsgjevaransvar for 7 tilsette fordelt på 6,3 stillingar. Vidare har fellesrådet forvaltningsansvar for ein gravplass, ei kyrkje og eit kyrkjelydshus med nye kontorfasilitetar for staben. Hareid er ein aktiv kyrkjelyd med ulike tilbod både i kyrkja og på kyrkjelydshuset gjennom heile veka.
Vi tilbyr:
Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø
Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige
Gode utarbeidde og utprøvde planar for kyrkjeleg undervisning og læring
Nye og moderne kontorlokale
Løn- og arbeidsvilkår etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Som kyrkjeverje er du øvste leiar, med ansvar for personale, økonomi, administrasjon, gravplassmyndigheit og gravplassforvaltning, drift av bygg og anlegg. Kyrkjeverja rapporterer til fellesrådet. Arbeidsstad er på Hareid kyrkjekontor med adresse Bedehusgata 17 (vis-à-vis Hareid rådhus).
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
-arbeide langsiktig ut frå vedtekne mål og strategiar
-førebu saker til fellesråd/sokneråd og følge opp vedtaka
-leie dei tilsette og bidra til eit godt arbeidsmiljø
-skape engasjement og bidra til vidareutvikling av det lokale kyrkjelydsarbeidet
-sørge for effektiv organisering og tenester av god kvalitet
-ha god økonomistyring og sjå til at tildelte økonomiske midlar forvaltast effektivt
-ivareta soknet sine interesser i møte med kommunen og andre samarbeidspartnarar
-vidareutvikle dialog med politisk og administrativ leiing i kommunen
-leggje til rette for godt samarbeid både internt i kyrkja og med eksterne aktørar
-forvalte gravplassen
Kvalifikasjonar:
-leiarerfaring, samt interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid
-relevant høgare utdanning er ønskjeleg, gjerne innan leiing, administrasjon og økonomi
-personleg egnethet vil bli vektlagt
-erfaring og kompetanse som vil bli vektlagt:
-erfaring med personalleiing
-kompetanse på strategi-, plan- og utredningsarbeid
-erfaring med organisasjonsutvikling og endringsprosessar
-samfunnsengasjement og kjennskap til politiske prosesser
-økonomiforståing
-digital kompetanse
-evne til å prioritere i ein travel kvardag
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ein initiativtakar og relasjonsbyggjar som saman med tilsette og frivillige kan vere med å vidareutvikle kyrkja sitt arbeid i Hareid sokn. Du må kunne planleggje, løyse utfordringar som dukkar opp undervegs og ha innverknad slik at du kan sette retning og skape resultat. Videre må du forstå kyrkja si rolle både som trussamfunn og samfunnsaktør.
Vi ser for oss at du er:
-ein tydeleg og trygg leiar
-opptatt av kvalitet og skape best mogleg resultat
-imøtekomande med tilsette og frivillige
-god til å lytte og open for andre sine synspunkt
-god til å uttrykke deg på norsk, munnleg og skriftleg
Kvifor Hareid kyrkje?
Du får interessante og utfordrande ansvarsområde.
Du får høve til å vidareutvikle og prege eit kyrkjeleg arbeid som er i godt driv.
Du får leie og jobbe ilag med kompetente og engasjerte tilsette og folkevalte.
Du møter hyggelege og engasjerte frivillige i ein aktiv kyrkjelyd.
Du og resten av staben har kontorfellesskap i nye og moderne lokaler.
Du får vidareutvikle det gode samarbeidet med Hareid kommune.
Du får gode pensjons- og personalforsikringar i Kommunal landspensjonskasse (KLP).
For meir informasjon, kontakt
kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, mobil 976 12 086
eller fellesrådsleiar Stein B. Karstensen, mobil 984 16 585
Vis din interesse for stillinga ved å sende din søknad og CV til: kyrkjeverja@hareid.kommune.no.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.
Alle henvendingar vert handsama konfidensielt.
Faktaboks: Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet i Møre og Romsdal. Kommunen har 5300 innbyggjarar like sør for Ålesund i eit maritimt miljø med godt utbygde handels- og servicetilbod. Her er eit levande kulturliv, særleg innan song og musikk, og nærleiken til sjø, vatn og fjell gir gode høve til friluftsliv. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår. Hareid kyrkjelyd har 3731 medlemmer (pr. 31.12.24), og har tilsett sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagogar, kontormedarbeidar, kyrkjetenar/gardsarbeidar og kyrkjeverje/dagleg leiar, med arbeidsstad i nye, lyse kontorfasilitetar knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid. Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande undervisningsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Meir informasjon om oss finn du på vår heimeside: hareid.kyrkja.no |