Middelalder-reise i Hareid kyrkje - 14. juni kl 20.00

Som ein programpost under "Opplev Hareid" opnar Hareid kyrkje dørene og formidlar spor etter middelalderen. Her vil du bli kjend med litt av vår lokale middelalderhistorie med kulturhistorisk informasjon, krydra med musikalse innslag frå tidsepoka. Med på hendinga blir arkeolog Arve Nytun, damekoret Sirene med dirigent Torgeir Hauge, ei gruppe frå Bigset Blandakor, sokneprest Leidulv Grimstad, kantor Ida Teige og kunstnar Arnfinn Mork-Stordal. Det blir også servert barkebrød.

Gamle kulturminne frå Hareid skal fram i dagen under middelalder-kvelden 14. juni. Her har frå v.: kunstnar Arnfinn Mork-Stordal, kantor Ida Teige, kyrkjeverje Bente A. Pilskog, sokneprest Leidulv Ø. Grimstad og arkeolog Arve Nytun stilt seg opp framfor den gamle prestestova med nokre gamle remediar. Kantor Ida Teige held ein laup som vart nytta når presten var i soknebod, Bente A. Pilskog har fått på seg halsjernet m/kjetting som høyrde til gapestokken, medan Arve Nytun held ei av kanonkulene som vart skotne opp mot Brandal av engelske krigsskip i åra 1807-14.

Torsdag 14. juni kl 20.00-21.30 - under «Opplev Hareid»

Bakgrunnen for tilstellinga er at det i næraste framtid skal kome ei informasjonstavle om historiske spor i kyrkja og på kyrkjegarden. Liknande tavler skal kome også på Kvitneset og Overåsanden.

I korte trekk vil arrangementet  ha desse elementa:
Ei gruppe frå Bigset Blandakor kjem vandrande inn i kyrkja, syngande ein gregoriansk salme. Etter velkomstord frå soknepresten kjem hovudinnslaget, der arkeolog Arve Eiken held eit powerpoint- foredrag om middelalderen med hovudblikk mot dei spora som finst i og kring kyrkja. Foredraget blir delt opp i mindre bolkar der damekoret Siréne, med dirigent Torgeir Hauge, syng mellom bolkane. Under foredraget får vi også sjå Arnfinn Mork-Stordal sine teikningar av bl. a. den gamle stavkyrkja som stod her på 1200-talet.

Allsong
To gamle salmar blir fletta inn i opplegget som allsongar: «Folkefrelsar til oss kom» og «Deg å få skoda» - begge med godt over tusen år gamle røter.
Etterpå er det planen at folk skal få smake nylaga barkebrød – og deretter ber det ut på kyrkjegarden for å ta det som finst der i nærare augesyn.

Også startskot for Hareid kyrkjeakademi
Dette middelalderprosjektet vil også markere starten på eit kyrkjeakademi for vaksne i Hareid sokn. Kyrkjeakademiet skal vere eit tiltak som tek opp ulike tema kring tru, kultur og samfunn. Norsk kyrkjeakademi tilbyr medlemane økonomisk støtte og hjelp til å løfte fram tema. Tiltaket er økumenisk, d.v.s. at det er samlande for alle kristne kyrkjesamfunn.

Det kan bli ein både spennande og interessant kveld i Hareid kyrkje 14. juni. Sett gjerne av kvelden alt no.

Arrangementet er gratis.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"