Ny kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar på Hareid

Jon Arnstein Haugen (31) blir med på laget til Hareid sokn som kyrkjetenar/gardsarbeidar frå 1. april 2019. Haugen er frå Sjåk, men har budd i Ulsteinvik dei siste 2 åra. Han er oppvaksen på gard i Sjåk og har sjølv drive garden i 7 år, har allsidig bakgrunn og er vant til praktisk arbeid. Dei siste åra har han jobba som ambulansepersonell, og han har også bakgrunn som yrkessjåfør, transport- og mekaniske fag.

Jon Arnstein Haugen blir med på laget til Hareid sokn, og du vil heilt sikkert treffe på han når du besøkjer kyrkja og/eller kyrkjegarden. Ønsk han gjerne velkomen!

Rolla som kyrkjetenar og kyrkjgardsarbeidar er ei svært viktig rolle. Rolla skal syte for at kyrkja og kyrkjegard er i samsvar med standarden som gjer at desse framstår som verdig. Rolla skal og vere med på å sikre god og forsvarleg drift av kyrkja og kyrkjegarden og medverke til at dette er ein stad som vert opplevd som serviceorientert i høve dei som besøker kyrkja og kyrkjegarden. 

Kyrkjetenar/gardsarbeidar er medlem av kyrkjelyden sitt kyrkje- og kyrkjegardsutval, som jobbar med kyrkjebygget, vedlikehaldsarbeid, inventar og drifta av kyrkjegarden.

Noverande kyrkjetenar/gardsarbeidar, Bjarte Sunde (64), skal redusere si stilling til ei 60% stilling frå 1. april 2019.

Jon Arnstein Haugen har allereie vore med på timesbasert gravearbeid i høve gravferder, men 1. april startar han opp for fullt.  Hareid sokn er svært glad for å få Jon Arnstein Haugen med på laget og ønskjer han hjarteleg velkomen!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"