Soknet har fått midlar til trefelling via kommuna sin tiltakspakke, og vil få gjennomført denne trefellinga i løpet av november.
Fleire av trea på kyrkjegarden har vakse seg veldig store, og kan vere til skade både for bygningar og gravminner. Nokre av dei er også i ferd med å rotne innvendig og vil derfor tole mindre i hardt ver.
Det er trea nær prestestova, det eldste bygget i Hareid kommune, som er planlagt felt først og fremst. Nokre av trea langs muren vil også verte fjerna og det store treet på barnegravfeltet. Det siste skal erstattast med eit nytt.
(Trea nedanfor vegen av kyrkja, tilhøyrer privat grunn og ikkje kyrkja)