Lars Hartig-Tangedal (52) blir den nye soknepresten på Hareid. Dette blei klart fredag 8. februar etter at Møre bispedømeråd vedtok å tilby stillinga til Lars Hartig-Tangedal. Møre bispedømeråd hadde 3 kandidatar å velje mellom til denne stillinga, noko som er sjeldan sidan prestemangelen for tida er stor rundt i landet.
Vi gler oss veldig til å ta i mot den nye soknepresten på Hareid, når den tid kjem. Dette blir mest truleg i begynnelsen av juni 2019.
Lars Hartig-Tangedal besøkte Hareid i november, og blei vist rundt i kyrkja og elles i kommunen. Foto: Hareid sokn
Lars bur i Skjærhalden i Hvaler kommune i Østfold og jobbar som kyrkjeverje/dagleg leiar i Hvaler kyrkjelege fellesråd. Han har og lang fartstid som prest, då han var ferdig utdanna teolog i 1995 og har vore prest på Hitra, i Øvre Eiker og i Onsøy i Fredrikstad.
Noverande sokneprest, Leidulv Ø. Grimstad, blir i stillinga til han går av med pensjon til sommaren, og planen er at den nye soknepresten skal begynne i stillinga i løpet av juni 2019. Kyrkjelyden og Hareid sokn ser fram til å ta imot den nye soknepresten.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert