Velkommen tilbake til opa kyrkje!

Etter tre månadar med koronapandemi og strenge smitteverntiltak for samling i kyrkjene, endra styresmaktene frå 15. juni smittevernreglane. No er det ikkje lenger begrensning på 50 personar. I dei nye smittevernreglane heiter det at inntil tohundre personar kan samlast, men Hareid kyrkje er ikkje stor nok til at vi kan ha så mange samla og samtidig holde 1 meters avstand til dei som ikkje er i same husstand som ein sjølv. No treng vi ikkje påmelding på førehand, men har opa kyrkje. Dette gjeld både gudstenester, vigsel, gravferd eller andre arrangement i kyrkja.

Hareid kyrkje. Foto: Hareid sokn

Hareid kyrkje - omlag 100 personar
I Hareid kyrkje kan vi ta inn omlag 100 personar, talet er ikkje eksakt, sidan talet varierer etter kor mange frå same husstand/familie som er til stades. Dess fleire frå same husstand/familie som tek del, dess fleire får plass i kyrkjerommet (også på galleriet). Dersom kyrkja blir full i høve avstandsregelen, vil vi bli nødt til å stoppe folk i døra - og ber om forståing for dette. Bruk gjerne begge inngangane.

Oppmodar til:
  • Hald 1 meters avstandsregelen (dersom ikkje same husstand)
  • God handhygiene
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr
  • Sjuke personar skal ikkje ta del
  • Registrer deg på deltakarliste v/ankomst (for evt. smittesporing)

Oversikt over kven som er til stades på arrangement
Det heiter vidare i smittevernreglane at arrangør skal ha oversikt over kven som er til stades på arrangementet. Dersom smitte oppstår, vil oversikt over kven som er til stades gi god hjelp til smittesporing. For ikkje utfordre personvernreglane, skriv dei som kjem til kyrkja namnet sitt på ei deltakarliste. Lista blir låst inn og teke vare på i 20 dagar (ref kommunelegen), etter det blir lista sletta.

Andakter på Hadartun
Det er opna for andakter på Hadartun igjen, første andakt etter at koronapandemien kom, var 17. juni.
Vi går no over til sommarordning og då blir det annakvar veke med andakter på Hadartun (partalsveker f.o.m. 24. juni). Først i vinterhagen og etterpå på skjema avdeling. Smittevernreglane er viktig å holde, spesielt på Hadartun blant dei eldre.

 

Fellesgudstenester med Ulstein i sommartida
F.o.m. 21. juni, har vi felles gudstenester i Hareid og Ulstein sokn. Annakvar veke i Hareid og annakvar veke i Ulstein. Siste fellesgudsteneste er i Ulstein 9. august.

21. juni: Gudsteneste Hareid kyrkje
05. juli: Gudsteneste ombord i ishavsskuta Aarvak, Brandal
19. juli: Gudsteneste i Hareid kyrkje
02. august: Gudsteneste i Hareid kyrkje
16. august: Samtalegudsteneste i Hareid kyrkje (kun for konfirmantar og deira føresette)

Krev ikkje lenger påmelding på førehand, og gudstenestane vil ikkje bli streama. Men etterkvart håper vi at overføring til Hadartun vil kome på plass.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"