Ombygging av inngangsparti Hareid kyrkje

Måndag 14. oktober startar ombyggingsarbeidet med inngangspartiet i Hareid kyrkje, noko som vil pågå ei tid framover mot jul. I forlenging av renoveringsarbeidet som var i sommar/haust, skal kyrkja sitt innvendige inngangsparti no ombyggast. Kyrkja skal brukast parallelt med renoveringa, og arbeidet blir tilrettelagt i høve gravferder og gudstenester.

Inngangsparti i Hareid kyrkje skal få nytt toalett, bøttekott og lagringsplass. Dei gamle toaletta skal bort.

Det kjem nytt toalett på same golvplan som våpenhus og kyrkjerom, universelt utforma så langt det let seg gjere i ei kyrkje frå 1877.  I tillegg får vi eit bøttekott med utslagsvask i høve reinhaldsarbeid i kyrkja, samt litt lagringsplass til bord og stolar. Areala til dei gamle toaletta må nyttast for å få til dette. 
Arbeidet blir starta opp i neste veke og vi reknar med at det vil pågå framover mot jul. Kyrkja skal brukast parallelt med renoveringa, sidan arbeidet skjer i sidepartia til våpenhuset.
I renoveringsperioda må toalett ved siden av dåpssakristi nyttast, då dei to toaletta ute ved inngangen skal bort.

Hareid kyrkje er listeført som verneverdig. Riksantikvar og biskop ville ikkje tilråde tilbygg på kyrkja, difor valte vi å lytte til desse fagråda og heller gå for ei ombygging av eksisterande inngangsparti som blei anbefalt. Vi ber om tålmod i ein månad til, så vil vi ha eit nyrenovert inngangsparti før jul.

Renoveringa tidlegare i år
Kyrkjeromet sto ferdig renovert 26. august, det vil seie nytt golv i kyrkjeromet, golv i koret er mala, gamalt elektrisk system er skifta ut og ledningar ligg no skjult i golvet, nye varmomnar/konvektorar er satt inn med varmestyring ut frå aktivitet i kyrkja, ytterdørene er utbetra med nye lister og pakningar slik at dei ikkje lekk så mykje varme som før, samt råteskader i nokre dører er reparert. Det er også gjort utbetringar på nokre vannrør og isolering, slik at vi til vinteren slepp at vatnet frys i prestesakristiet.

Det er mykje tekniske installasjonar i eit teknisk rom ved redskapshuset ovanfor kyrkja, samt to installasjonar som førebels står utandørs. Desse vil snart bli innebygd i høve eit lite tilbygg på redskapshuset.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"