Hareid kyrkje er aktivt med på Opplev Hareid

Kulturbygda Hareid med sine 5200 innbyggjarar ønskjer å få fram og by på ulike opplevingar under festivaldagane «OPPLEV HAREID». Hareid kyrkje er ein naturleg medvandrar og vil bidra med ulike programpostar. Vi gleder oss!

Hareid kyrkje frå fugleperspektiv. Foto: Nanseth Media (skjermdump frå filmen)

Søndag 10. juni kl 12.00:
AKTITVITETAR I PARKEN

Vi tjuvstartar Opplev Hareid med aktivitetar i parken etter gudstenesta. Her blir det sporløp, bålpanner, sal av kaffi og vaflar, speidarane, Rotary og Hareid Tensing tek del.

Torsdag 14. juni kl 20.00:
MIDDELALDER-KVELD I HAREID KYRKJE
Som ein programpost under "Opplev Hareid" opnar Hareid kyrkje dørene og formidlar spor etter middelalderen. Her vil du bli kjend med litt av vår lokale middelalderhistorie med kulturhistorisk informasjon, krydra med musikalske innslag frå tidsepoken. Med på hendinga blir arkeolog Arve Nytun, damekoret Sirene med dirigent Torgeir Hauge, ei gruppe frå Bigset Blandakor, sokneprest Leidulv Grimstad, kantor Ida Teige og kunstnar Arnfinn Mork-Stordal. Det blir også servert barkebrød. Dette middelalderprosjektet markerer starten på eit kyrkjeakademi for vaksne i Hareid sokn. Arrangementet er gratis.

Laurdag 16. juni kl. 11.00:
UTANDØRS-FRUKOST I KJØPMANNSGATA
Frivilligsentralen, Saniteten og Lions stiller velvillig opp med utandørsfrukost for alle. Eit flott tiltak i bygda vår under Opplev Hareid. I samspel med desse er frukosten sponsa av Coop Extra, Eurospar og Bunnpris.

Laurdag 16. juni:
STAND I PARKEN
I år vil kyrkja ha eigen stand i parken under Opplev Hareid, og vi synes det er stas å samhandle med Opplev Hareid. Vi ønskjer å vere ein medvandrar i lokalsamfunnet vårt. Velkomen til standen vår, der blir det både vafler, kaffi, saft og ein god prat om du vil.
Vi har ei kyrkje som er rotfesta i folket, og som dei er glade i. Hareid sokn har eit mangfaldig arbeid i kyrkjelyden, og eit godt samarbeid med frivillige og kulturelle lag, kor og organisasjonar. Hareid sokn er kjend for sitt store populære trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Søndag 17. juni kl. 12.00:
MISJONSGUDSTENESTE PÅ HOLESANDEN
Gudsteneste og misjonsjonsinformasjon, loddsal og sal av grillmat, kaker og kaffi.

"MEIR HIMMEL PÅ JORDA"

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"