Påskehøgtida er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Her er vårt påskeprogram:
Onsdag 29/3: Hareid kyrkje kl 19.30
Påskevandring
for vaksne v/Barbro Landmark. Påskeevangeliet tett på, vandring til tre stasjoner, tekstlesing v/Turid Engen og Astrid Grimstad. Song v/Sissel Anita Riise og Trude B. Sørdal.
Palmesøndag 2/4: Hareid kyrkje kl 11.00:
Familiegudsteneste
v/Barbro Landmark, Ida Teige, Med mykje musikkrefter og utdrag frå musikalen Bileams esel er denne gudstenesta ei heilt spesiell oppleving for store og små på veg inn i påskehøgtida. 5-åringane tek del i Bileams esel og får også utdelt kyrkjeboka si. Offer til Kirkens Nødhjelp.
Skjærtorsdag 6/4: Hadartun kl 16.00: MERK: HADARTUN!
Nattverdsgudsteneste
v/Lars Hartig Tangedal og Ida Teige.
For den som har familie eller kjende som bur på Hadartun, er dette ei anledning til å feire gudsteneste saman på Vinterhagen.
Skjærtorsdag 6/4: Hareid kyrkje kl 19.00:
Skjærtorsdagsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige. Nattverd. Avduking alterbordet.
Kvelden for innstiftinga av nattverden feirer vi med at vi etter gudstenesta har eit fellesskapsmåltid i midtgangen av kyrkja. Det blir song og musikkinnslag ved Anne-Liv Holstad og Kristin Liavåg Karstensen
Langfredag 7/4: Hareid kyrkje kl. 19.00:
Langfredags kveldsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.
Vi høyrer lidingshistoria lesen, og lar tonane føre oss inn i ettertanken. Forsongargruppe. Solosong ved Guro Topphol.
Påskeaftan 8/4: Ulstein kyrkje kl. 22.00: MERK: ULSTEIN KYRKJE!
Påskaftangudsteneste
Påskedag 9/4: Hareid kyrkje kl. 11.00:
Høgtidsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal og Ida Teige.Nattverd. Offer til NMS.
Sjølve jubeldagen feirer vi oppstode-gleda med fellesskapet rundt tru, von og kjærleik. Lyset skin framleis i mørkret! Gjennom dei gode tonane og orda får vi løfte fram oppstode-kreftene for både nåtid og framtid.
Vi tek i mot 3 born i dåpen denne dagen. Blåsarar frå Musikklaget Melshorn tek del.
Varmt velkomen til å feire påska med oss i Hareid kyrkje!
Hareid kyrkjekontor har følgjande opningstider i påskeveka:
Måndag 3. april: Stengt
Tysdag 4. april: Opent 10.00 - 14.00
Onsdag 5. april: Opent 10.00 - 14.00
Vanleg opningstid igjen frå tysdag 11. april
Sjå oversikt for alle våre aktivitetar framover "Skjer i kirken":
Søkeside | Skjer i kirken