Det foregår mykje arbeid ved Hareid kyrkje. Kyrkjegata og den lisje p-plassen ved sida av kyrkja vil vere stengt og kan ikkje nyttast før opning av Kyrkjegata. Hovudporten opp mot kyrkja er difor stengt for gjennomgang så lenge dette arbeidet pågår, bruk difor dei andre inngangane til området.
Parkeringsplassar i nærleiken er:
1) Ny og stor parkeringsplass rett bak Kjøpmannsgata/Mjøl & Meir, også el-lading.
2) Grus-parkeringsplass rett ovanfor kyrkja og redskapshuset. Omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen.
3) Den lisje parkeringsplassen rett ved sida av kyrkja, med 2 handicap-plassar, opnast når Kyrkjegata opnast.
4)Når Kyrkjegata opnast i slutten av veke 40, vil også den nye parkeringsplassen nedanfor kyrkja vere klar til bruk.
Vi håper at alle er flinke til å bruke p-plassane, då det er forbod mot å parkere langs kyrkjemuren som skaper farlege trafikksituasjonar. I tillegg blir det ein ny og fin gang- og sykkelveg i Kyrkjegata, samt belysning. Alt i alt ei løysing som gir tryggare ferdsel i Kyrkjegata.
Vi takkar for tålmodet og ser fram til ferdigstillinga av veg og p-plass i Kyrkjegata. Velkomen!
Link til Hareid kommune si heimeside: Varsel om asfaltering av Soffibakken, Kyrkjegata og Isakdalen - Hareid kommune