Påske-program 2019

Fastetida går mot slutten og går over i den stille veka. Den stille veka er frå palmesundag til påskeaftan. Påskehøgtida er saman med jula den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Her kan du sjå programmet for påska i Hareid kyrkje.

Jerusalem & Hareid kyrkje

GUDSTENESTER I PÅSKEVEKA
Palmesøndag, Hareid kyrkje kl 11.00
Skjærtorsdag, Hadartun kl 17.00.
Skjærtorsdag, Hareid kyrkje kl 19.00.
Langfredag, Hareid kyrkje kl. 19.00.
Påskeaftan, Ulstein kyrkje kl. 23.00.
1. påskedag, Hareid kyrkje kl. 11.00.

(Sjå heile programmet lenger ned på sida)

Vi får i denne tida bli med Jesus til den siste nattverd, sjå hans liding og død og så få oppleve oppstoda. Desse dramatiske dagane er heilt avgjerande for at det fins ei kristen tru og kyrkje. Det at Jesus døydde og sto opp frå dei døde, er grunnlaget for at folk fylgjer etter Jesus den dag i dag. At han døydde for vår skuld, og viste seg sterkare enn døden, gjer han til noko meir enn ein læremeister.
Det er det som gir oss eit håp om evig liv.

Å følgje rytmen i påskedagane gjer noko med ein. Skjærtorsdag vert det i forlenginga av gudstenesta eit fellesmåltid før alterbordet vert duka av og lysa sløkte i kyrkja.
Vi går inn i landfredagstimane. Påskeaftan er det påskenattmesse i Ulstein kyrkje. Det er ei stemningsfull og vakker gudsteneste, ta deg gjerne tid til å bli med der.
Så kjem endeleg påskemorgon med påskesalmar og jubel.

Etter kyrkjeklokkene har ringt inn til festgudsteneste, kjem prestane fram i kordøra og ropar ut: Kristus er oppstaden. Kyrkjelyden svarar: Ja, han er sanneleg oppstaden. Kristus er oppstaden. Kyrkjelyden svarar: Ja, han er sanneleg oppstaden.

Då feirar vi at Jesus vann over døden og sto opp og lever - slik at vi ved trua på han også skal leve det evige liv.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"