Planlegg dere dåp?

Hareid sokn er del av Den norske kyrkje og den Lutherske tradisjonen, og døyper born i gudstenester oftast kort tid etter dei er fødd. Men dåp i Hareid er ope for alle, uansett alder. Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom, konfirmant eller vaksen er ein hjarteleg velkommen. Dette kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.

Planlegg dere dåp?

Når eit barn vert boren til dåp, blir vi minnet om at ingen kan bære seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekker seg over heile verda – og gjennom alle tider. Ved dåpen har barnet alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og i dåpen gjev Gud sin lovnad om å følgje barnet alle sine dagar.

Ved dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkje. Å være medlem av den norske kyrkje betyr at ein resten av livet har rett til kyrkjelege handlingar vederlagsfritt der han/ho har bustadsadresse. Som medlem får ein også invitasjon til å delta i trusopplæringstiltaka som kyrkja tilbyr frå ein er 0-18 år. Sjå oversikt: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/trusopplaring/

Trusopplæringa i Hareid har som overskrift ” Med rett til å verte sett og verdsett”. Vi tenkjer at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg. Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver. 

Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med oss for å avtale samtale og organisering av dåp.

Alle som ynskjer dåp er velkomen til å ta kontakt med Hareid kyrkjekontor for meir informasjon. Dei fødte i Hareid kommune, der ein av foreldra er medlem av kyrkja, vil automatisk få ein invitasjon til dåp. Dei som ynskjer dåp i Hareid kan melde dåp direkte frå nettstaden: https://hareid.medarbeideren.no/

eller ta kontakt med kyrkjekontoret (70095130) eller sokneprest for å avtale ein dato.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"